Gård og ætt
Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67 Side 68eigedomane sine i Flora unnateke Langsmoen, til Christopher Caspersen, viselagmann og stor godseigar i Trondheim. Langsmoen vart seld seinare. Mesteparten av landskylda og bygselretten over gardane i Flora kom no under proprietærar, rike ættet som rådde over større og mindre delar av jorda i Flora i lange tider. Eit par ord om desse ættene vil derfor vera på sin plass. Schøller-ætta Dei norske Schøller-ane ættar frå Holstein. Ein Caspar Schøller kom til Noreg på 1600-talet, var fut over Bakke klostergods, kjøpte storgarden Gjølme i Orkdal og ei mengd jordgods over alt i distriktet. Han døydde i 1661. Ein av sønene hans heitte Christopher, og det var han som kjøpte gardane i Flora. Han oppnådde å bli viselagmann i Trondheim. Han åtte hovudgardane Munkvoll ved Trondheim og Gjølme i Orkdal, og heldt fram med gardoppsamling i stor stil som faren. Kona hans, Maren f. Meldahl, høyrde til ei ætt som og samla på jordgods. Eit av borna deira heitte Anders (1664-1724). Han skaffa seg tittel av kommerceråd, åtte storgarden Leira i Strinda med kvern og sagbruk i Leirfossen og var ein rik mann etter tida sin mælestav. Me finn namnet hans i matrikkelen for Selbu frå 1721. Buet etter faren kan ikkje ha vorti oppgjort før, for før den tid er Schøllers arvingar ført som eigarar. Mange av gardane i Flora som Christopher Caspersen kjøpte, hadde ellest gått over på andre hender etter han døydde i 1680. I matrikkelen for året 1706 finn ein Friis'es arvingar som eigar av Uthus, Brix'es arvingar som eigarar av gardane Tuset, Bjørken og Bakken, medan Ørås har vorti bondeodel med enkja på Krogstad som eigar. I 1715 er stillinga den same, men i 1723 står commerseråd Schøller som eigar av alle desse gardane unnateke Uthus, Schøller hadde da fått tak i ein annen gard i grenda, odelsgarden Neset som måtte gje tapt Som odelsgods på bondehand. Etter Anders Schøller var død, vart jordgodset hans m.m. utlagt til arvingar og fordringshavarar. Enkja, Anna f. Tønsberg, vart i 1727 gift med ein major Johan Henrik Weinigel, og ein finn namnet hans i matrikkelen frå den tida, medan Schøllers arvingar opptrer som jordgodseigarar i 1726. 68 |