Hjem Gård og ætt

Gård og ætt


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 69

Anders og Anna Schøller hadde mellom andre born ein son som heitte Sti Tønsberg Schøller. Han levde i åra 1700-1769, og skaffa seg tittel både som etatsråd og som kammerherre. Han vart gift første gong med ei Elisabeth Angell. Ho døydde i 1742, og Sti Tønsberg Schøller gifte seg oppatt same året med generalsdottera Cesilie Christine Frølich.

Ein vil seinare få sjå at namnet til Sti Tønsberg Schøller er knytt til gardane i Flora frå 1746, medan geheimerådinne Schøller er nemnt i same eigenskap i matriklane frå 1778. (Ho vart no ellest ikkje geheime­rådinne før i 1780 etter at ho hadde flytta til Kjøpenhamn, med ei formue på 450.000 riksdalar, seier tradisjonen).

I Trøndelag er ho best kjend for si rivalisering med lagmannsfrue Møllmann. Da fru Møllmann bygde den flotte garden Harmonien, sette fru Schøller i gang oppføringa av Stiftsgarden, som unekteleg ber prisen av alle trepalassa i Trondheim, så fru Møllmann vart slegi ut i den kappestriden. Då bygnaden stod ferdig, skal den byrge frua ha sagt: «Ja, no kan fru Møllmalnn ha det så godt.»

Slik lyder segna om storverka til dei to Trondheims-damene på 1700- talet, meir nøkternt sett, kan læra bli den at geheimerådinna sine leig­lendingar i Flora og var med og ytte sine tilskot (om ikkje så store) til oppføringa av den noverande kongeboligen i Trondheim.

Sti Tønsberg Schøller skal ha freista å halde igjen, ellest er det lite å høyre om han. Nesten 20 års enkjestand gav geheimerådinna luft un­der vengene, og ho visste å svinge seg opp til respektable sosiale høg­der.

Sti Tønsberg og Cesilie Christine Schøller hadde ei dotter, Elisabeth Schøller som i 1760 vart gift med oberst Georg Fredrik Krogh, den seinare general Krogh. Den mektige svigermora døydde i 1786, og i matrikkelen frå 1790 er Krogh å finne som eigar av landskyldpartane i Flora.

Med kona fekk han ein masse jordegods, for det meste i Trøndelag. Også Leira gard med industrianlegga ved fossane i nærleiken vart hans eigedom ved giftarmålet.

Ekteskapet vart stutt. Elisabeth Krogh døydde i 1763 frå mann og ein nyfødd son, seinare major Sti Tønsberg Schøller Krogh.

General Krogh vart gift for andre gongen i 1765 med admiralsdotter Margrethe Lerche, ei myndig dame, etter tradisjonen.

I dette ekteskapet fekk Krogh fleire born. Ein son, Georg Fredrik, f. 1777, vart militær og avanserte til oberst. Han fekk og rang og tittel som kammerjunker, og han vart eigar av storgarden Leira og var distrik-

69