Hjem Gård og ætt

Gård og ætt


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 70

tets leidande industriherre. At han hadde fått mesteparten av det vidt spreidde jordgodset sitt ved arv, gjorde velstandsgrunnlaget traustare.

Oberst Krogh kunne gle seg ved velstand ei tid, men etter 1814 kan tida karakteriserast som den nyare tids verste deflasjonsperiode. For­muer gjekk fløyten i den, og trelastmarknaden vart fullstendig død. Jordleiga hadde ikkje følgd med tida, så bort-bygsling av gardar gav mager inntekt. Vilkåra for næringsdrift etter Krogh sine idear var dei slettast moglege etter frigjeringa, så det solide grunnlaget for hans eigen og ætta sin økonomi smuldra bort.

Oberst Krogh døydde i 1826 nærast som ein utarma mann. Ikkje lenge etter (1828) vart mesteparten av buet, det store jorde­godset, realisert. Dei 7 gardane i Flora som Leira-godset åtte eller åtte del i, vart alle selde til dei som brukte gardane.

Den eines død er den annens brød, lyder ordtaket. For leiglendings­bøndene i Flora og andre med, førte Kroghs økonomiske misere til at dei etter måten tidleg fekk kjøpe gardane sine.

Ættene Brix og Friis

I matrikkelen for Selbu vil ein for året 1706 finne både Brix- og Friis’ es arvingar som eigarar av gardar i Flora. Det gjeld gardane Ut­hus vestre, Tuset, Bjørka og Bakken. Dei hadde høyrd til Schøller-godset alle før, alle, men må ha vorti fråselde i tida etter Christopher Casper­sens død. For Brix-ane sitt vedkomande vara dette eigedomstilhøve til først på 1720-åra da desse gardane atter går over til Schøllers.

Den første Brix har tittel av president, og må ha vori Laurits Peder­sen Brix, som var borgarmester i Trondheim. At ætta laut gje slepp på eigedomane, heng truleg saman med at son til Laurits, Gregorius Chri­stopher Brix døydde i 1722 og let etter seg eit fallittbu. Matrikkelen for 1723 fører så ny eigar.

Gregorius Christopher Brix var auditør og regimentskvartermester i Trondheim. Krigsåra kan ha teke knekken på han både økonomisk og sjeleleg.

Garden Uthus som Friis’ es arvingar er ført som eigarar av, kom og på andre hender att, men aldri meir til Schøllers. Den høyrde til Vineens Friis’ es arvingar i 1723 og, men matrikkelen for 1742 viser at da var garden seld til Thomas Angell.

Vincens Friis var truleg son til Jens Friis Nilsen som var fut på

70