Hjem Gård og ætt

Gård og ætt


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 71

Inderøya, så sonen må ha bytt namn. Vineens var kyrkjeverje i byen, og hadde borgarskap, var gift med ei Anna Mortensdatter Lerche. Ho og mannen var barnlaus, og skifte etter henne vart halde i 1726 på Ty­holt ved Trondheim. Uthus er ikkje nemnt i skiftet etter Anna Friis, og det kan ein ikkje vente heller. Matrikkelen 1721 viser at Vineens Friis es arvingar, - det vil seie mannens arvingar, alt i 1706 har fått eigedomsrett til denne garden.

Overgangen frå 16- til 1700 må ha vori ei dårleg tid for dei som bygsla bort jord. I Flora låg Uthusgardane øyde båe to, enda dei var millom dei største og beste gardane i grenda. For Uthus vestre sitt ved­komande er det og likt til at det var uklårt kven som var landdrott til dette bruket. I ei rettssak som vart haldi i Flora i 1755 om ein grense­tvist som millom anna galdt Uthus, opplyste eit vitne at garden låg øyde kring hundreårsskiftet og at ingen visste kven som var landdrott før - «en Persohn øster fra Norge kom til Tronhiem og bortsolgte dette Spand i Udhuus».

Det må ha vori ein av Schøllers ættlingar som då selde garden til Vincens. Schøllers arvingar opptrer som eigarar til dei andre gardane i Flora etter Christopher Caspersen heilt til 1723 undateke Ørås som vart bondeodel ved hundreårsskiftet.

Angell

Som me alt har sett, så hadde Thomas Angell kjøpt garden Uthus vestre i 1742. Angell dreiv systematisk oppkjøp av jord med skog og gruver, fabrikkar og bygardar. Hans testamente som er rettsgrunnlaget for De Angellske stiftelser, talar eit tydeleg språk om hans økonomiske makt.

Thomas Angell arva ellest mykje av jordgodset sitt, iser i Selbu. Dansken, etatsråd Hendric Muller, ein av kong Fredrik den tredjes største kreditorar, og som tok over mykje jordgods i Norge, skøyta bort desse gardane i Selbu og Tydal til Thomas Hammond:

«Solem, Sullum, Høybye, Engum, Sandwigen, Stamnes toe gårder, Punde toe gårde, - Langlie, Borset, Berge 1, Berge 2, Lien, Stubben, Kalder, Mølhuus, Meebust toe gårder, Rønsberg tre gårder, Rolset, Ner­wig, Øfne, Slinden 1, Slinden 2 toe gårder, Åsum, Kiøsnes toe gårder, Espe, Udhus, Af tret, Aas, Østbye, Fossum, Løfås. - »

Dokumentet (skøyte) vart opplesi på Håve «i tingalmuens bivær­else 11. july 1681».

Thomas Hammond var Thomas Angells bestefar på morsida.

71