Hjem Gård og ætt

Gård og ætt


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 72

Thoning Ovesen og Huitfeldt

Da buet etter oberst Krogh vart realisert i 1828, møtte ein ukjend person opp og baud av storgarden Leira med tilhøyrande gods etter at bøndene hadde kjøpt det dei ville. På spurdnad om kausjon, skal han ha klappa på lommeboka og svara: Eg sjølv, kontant, segnes det. Man­nen var Thoning Ovesen, kjøpmann m.m. i Trondheim. Han residerte så på storgarden Leira til sin død i 1881. Inkje av det gamle Schøller­godset i Flora var att da Ovesen kjøpte godset, men i den tronge tida for bøndene i siste halvdel av førre hundreåret, kjøpte Ovesen ein part av Uthus austre i Flora. Da buet etter Ovesen vatt realisert, gjekk denne parsellen av Uthus-garden over til De Angellske stiftelser. Parsellen, sa­man med Hilmogardane og Aftretsåsen vart seld til Stiftelsene for 250.000 kroner. Det var i 1895 handelen vart gjort. Dei hadde alt før kjøpt mesteparten av skogen på Uthus austre, og åtte frå no av meste­parten av skogen på dei to gardane.

Konsul Arild Huitfeldt steig fram som skogkjøpar i Selbu alt i 1850- åra. I Flora kjøpte han Hegsetskogen og ein parsel av Flaknan, og noko seinare mesteparten av skogen i Bjørken. Hegsetskogen gjekk frå att, men firmaet som dreiv oppkjøp av skog med og utan eigedomsgrunn, kjøpte mesteparten av skogen på Neset, og seinare garden Bakken. I 1920-åra gjorde firmaet buslit og mesteparten av eigedommen firmaet åtte i dalføret, gjekk over på andre hender.

LANDSKYLD OG SKATTAR

I avsnittet om dei einskilde gardane vil ein ofte finne uttrykk som «landskyld», «leding», «tiend» osb., og me skal difor her gje ei stutt utgreiing om dette.

Alt frå utgammal tid har dei funni det praktisk med eit verdimål på gardane, anten dei var leilendingsgardar eller sjøleigebruk. I mellom­alderen var dei fleste bruk leilendingsgardar, og den leiga dei betalte vart kalla landskyld. Det var difor naturleg at landskylda vart brukt som verdimål på alle gardilr, også sjøleigebruka.

I Trøndelag - utanom fiskarstroka - vart landskylda rekna i spann smør á 3 øre á 24 marklag. Eit spann smør vog 15,4 kg. Ein gard på

72