Hjem Stadsnamnregister

Stadsnamnregister

Side 345

Stadnamnregister

Nedteikninga av desse stadnamn, tok til alt i 1920. Dels vart det gjort ved at skuleborna med hjelp heimanfrå skreiv ned dei namna som var i dagleg bruk på kvar gard. Desse listene har seinare vorti kontrollerte og utfylte gjennom samtaler med dei mest lokalkjende i Flora.

For kvart namn er det gjevi opp kva slags naturdetalj det gjeld og kva for eigedom som stadnamnet høyrer innunder. Her er berre dei gamle gardane tekne med. Vidare er bokstaven i nytta for stadar som ligg på innmark og u for dei i utmarka.

Talkoden på i alt 6 siffer gjer det mogleg å stadfeste namnet på det kartet som følgjer med. Dei tre første sifra står for den aust­-vestlege posisjonen og dei tre siste for den nord-sørlege.

Bruksmåten kjem klårast fram ved hjelp av eit døme:

FLORA KAPELL 166001

På kartet som har målestokken 1 :50000 ser vi at det er teikna inn eit rutenett med liner for kvar kilometer. Dei to første tala (16) viser til kilometerlina og det tredje talet (6) viser at kapellet ligg seks hundre meter aust for denne lina. På kartet utgjer 100 meter 2 mm, og vi finn altså kapellet 1,2 cm aust for 16-kilometerlina. På same måten finn ein nord-sør-posisjonen. Dei tre siste tala (001) fortel at FLORA KAPELL ligg hundre meter nord for lina 00 som på kartet altså blir 2 mm nord for 00-kilometerlina.