Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 074

Dei einskilde bruk

ØRÅS
G. nr. 108.

Ørås ligg lengst vest av gardane i Flora og grensar mot Rolset, øvste garden i hovudbygda Selbu. Utmarka ligg mellom Nea og Rotla og rekk omlag 3 km oppover dalen.

Garden stod frå først av oppå elvbjørga der ein framleis har det gamle Ørås-jordet. Det har vori brukt til seter etter at den gamle gar­den i nok så tidleg tid vart lagt øyde.

For godt og vel hundre år tilbake vart halvparten av garden, bruks nr. 1 av Ørås busett att og nytt tun teki i bruk nede i dalen. Andre halvparten er framleis underbruk eller avlsgard.

Tydinga av gardsnamnet er usikker. Prof. Rygh tenkjer seg at første delen av namnet kan vera avleidd av g.n. (gammalnorsk) ore som kan tyde både olderved og olderskog, men held tydinga for «en usikker formodning».

Av eldre skriftformer, har ein berre to avvik frå Øraas som er det vanlege. Ein einskild gong er namnet skrivi Oeraas, og ein gong har ein skrivemåten Øffrås.

I dagleg tale får gardsnamnet bundi form: Øråsen, dat. Øråsa. I til­stad- og påstadnemning blir preposisjonane åt og i bruka.

Landskylda var frå gammalt 12 marklag eller ½ øre. Denne skylda var uforandra heilt til 1838. Garden var da delt, og kvar av dei to gardpattane vart pålagt 2 ort 23 skilling i skyld. Etter den siste revi­sjon og omrekning av landskylda fekk br.nr. 1 ei skyld på 2,70 mark, medan br.nr. 2 vart pålagt 2,30 mark i skyld.

I Selbu festna det seg ikkje faste nummer til gardane før fram mot 1750. Ørås er da ført snart som nr. 742, snart som 803 eller 805. Til

74