Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 176

att under Nordistugu, så no blir namna i dagleg tale Ustigarn og Nordi­stugu på dei to Tusetgardane.

Kjøpkontrakten på Nordigarden er ikkje tinglyst, og gardhandelen vart først ordna ved skøyte i 1893 etter at Langsetenget same år vart utskild og seld til Bersvend Olsen.

Ved folketeljinga 1875 losjerte Nils Torstensen på garden, og er­nærte seg med dagarbeid. Han hadde borna hos seg. Gunhild som var 20 år, John 16 og Torstein 12 år. Dei laut ut på dagarbeid eller teneste, og i 20-årsalderen drog sønene til Amerika. John d. i ung alder. Tor­stein kom att, og tok til med handel i nystugu i Ustigarda Tuset. Det var første handelen i Flora.

Torstein Nilsen vart g. i 1892 m. Brynhild G. Haugan_ Meir om dei i omtalen av Haugan.

Gunhild Nilsd. vart g. i 1887 m. John Barosen Uthus.

Mora, Anne Jonsd. Tuset d. i 1870,55 år gl. og faren, Nils Torsten­sen d. i 1894, 74 år gl.

Kårgubben, Jon Jonsen, budde framleis i stugu si. Han hadde bror­dottera, Beret Torkelsd. til tyende. Jon døydde i 1878, 82 år gl. Han gjekk vanleg i sikofte.

T U S E T vestre, (Nordistugu)
G. nr. 112, br. nr. 2.

I 1832 vart Tuset vestre delt. Knut Jonsen T. som fire år før hadde kjøpt både heimgarden og halvparten av Ørås til odel og eige, delte dette året heimgarden med broren Sakarias Johnsen, som betalte 150 spd. for sin halvpart. Men garden vart ikkje skylddelt før i 1846.

Sakarias, som ikkje fekk noko hus med sin part, bygde ny gard vest for den gamle, og sette opp eigne hus på setervollane. Garden, som frå gammalt låg i teigskifte med Tuset austre, og for mesteparten av ut­marka også med Uthus-gardane, vart no delt ved at kvart rem og kvar teig som høyrde garden til, vart halvert.

Sakarias J. Tuset f. 1794, v. g. i 1826 m. Beret Jonsd. Flakne, f. 1800.

Dei hadde 2 born: John, 1827, tok over garden og Brynhild, 1829, m. John Olsen Uthus vestre.

I unge år hadde Sakarias drivi hesthandel og skinnhandel. Han for på marknadene mellom Levanger, Trondheim og Røros og kom att med

176