Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 182

Men ny tida var på innmarsj. Tjøreflåkkane gjekk or bruk, og med bygdemølnene og den nye kornordninga vart kvernshusa til overs, og med traktorane vart både fraukøyringa og anna nytt gammaldags. Og folk følgde med. John flytta saga i 1935, gjorde henne om til mo­torsag og sette henne opp attmed garden. Saga var den eldste i Selbu, har me sett, og er nok den bondesaga som har vori mest brukt og truleg. Bortsett frå nokre år i den seinare tid, har saga vori i bruk kvart år sida ho vart oppsett. Ny tida gjorde og sitt inntog i skogsarbei­det. No køyrer dei tømmeret frå Øråsmarka på pendelbane, teki i bruk 1958.

I slutten av 50-åra sette John opp nye stugulån. Sønene var vaksne da og dei gjorde mesteparten av arbeidet sjølv. Stugu vart ferdig så dei flytta inn til jul 1958.

Med seterstellet vart det innskrenka noko, så dei setra berre på Øråsen etter John tok over, men skrinnslåtten attmed elva vart drivi heilt til 1953. Storisdammet det året, som forda stein og all slags rask innpå slåttfættene var den direkte orsak til at det vart slutt.

Under utgravinga til kjellar under nystugu på Tuset, kom dei ned på ei steinrøyse som kanskje hadde vori fyrstad eller skorstein. Ved røysa fann dei mange heinar (blåheinar ). Dei var tilslipa på ymse skap, var grå på farge og svært harde. Eit lite hjul av grøt fann dei og i ei grøft over tunet. Det har sikkert høyrd til ein handrokk. Brandlaget, som ligg 70-80 cm Nedi jorda støytte dei på her og, men det er det for­alt om før.

John Tuset d. i 1965, 68 år gammal.

VIENGTRØA
G. nr. 112, br. nr. 12.

Viengtrøa vart bureist plass under Tuset vestre kring 1830. Bruket som ligg på søre side Nea vart bureist i eit inngjerda slåtteng som høyrde garden til. Bureisaren var yngste son på garden.

Han heitte Jon Jonsen Tuset, var f. i 1805 og vart g. 1830 m. Brynhild Torkelsd. Flakne, Klevan, f. 1810.

Dei hadde 5 born:

  1. Ingeborg.
  2. Jon, båe d. som born.
  3. Torkel, f. 1837, tok over plassen.

182