Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 184

Dei hadde da ein pen heim med bordkledd og måla stugubygning. Olav G. Bjerken, f. 1913 av foreldra Gunder og Ingeborg Bjerken, vart g. i 1946 m. Ragnhild Pedersd. Flakne, f. 1919.

Dei har 2 born.

  1. Gunnar Ingar, f. 1948, elektrikar.
  2. Karen Petrine, f. 1954, realskule.

Olav Bjerken har restaurert og modernisert stugu.

 

LANGSETENGET
G. nr. 112, b. nr. 4.

Langsetenget ligg på søre sida Nea eit par kilometer nord for Driv­voll.

Dette bruket vart bureist kring 1870 av Bersvend Olsen Slind. Ber­svend var frå Vikvarvet, var f. i 1826 og g. i 1863 m. Brynhild Johnsd. Tuset, f. 1829.

Dei hadde 2 born:

  1. Ole, f. 1864.
  2. John, f. 1868.

Båe var fødd i Vikvarvet der Bersvend dreiv ein plass.

Brynhild var dotter til John Johnsen Tuset. Han hadde to døtre, og Brynhild som var yngst, fekk truleg utlagt Langsetenget som arve­feste. Tuset var delt i to gardar i den tida, og Langsetenget som var eit viktig engslætte, var og delt, og Bersvend og Brynhild fekk søre parten som høyrde til John Johnsen.

Langsetenget var ikkje serleg skikka for bureising. Dalsida går like i elva, med lite

Drivvoll var det ein stig utan bru over Råna, så det var ikkje så flott med kommunikasjonane, men Langsetenget hadde eitt gode. Her var vidt slåtteng og tidleg utgang for geit og sau. Ved jordbruksteljinga 1875 hadde Bersvend Tuset, som han no skreiv seg for, 3 naut attåt køyr-

184