Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 194

Brørne heldt fram med gardsbruket. I 1922 vart garden seld til Tomas A. Aune, Tydal for 15000 kroner og noko kår til Ola og Kristine Tuset. Gunder var da død. Han døydde i året 1922, 64 år gl.

Ola Tuset kjøpte seinare Sagplassen som fekk namnet Fremo og sette opp hus som dei to gamle flytta til.

Tomas Aune, f. 1888 vart g. i 1916 m. Inga Olsd. Græsli, f. 1893. Dei har 5 born:

  1. Guri, f. 1917 d. 1970.
  2. Anders, f. 1918, har teki over garden.
  3. Ola, f. 1920, teknikar, g. 1950 m. Aslaug Beistad, Stjørdal, bur i Oslo. Barn: Inger Grete.
  4. Marvin, f. 1925, teknikar.
  5. Gunnar, f. 1931, anleggsarbeidar.

Einskilde tomter og parsellar er seld av garden i seinare tid: Setra Åsvollen, seld til Petter Melan i 1929. Arvefestet på Drivvoll-gardane innløyst i 1930, og parsellen Branden samtidig seld til John O. Driv­voll. I 1933 fekk Handelsforeninga utvida tomta si, og i 1939 vart tomta Fridheim frådelt og seld til Kristian Evjen. Ho fekk bruks­nr. 11.

I 1949 overlet Tomas Aune garden til eldste sonen, Anders Aune, og tok kår til seg og kona.

Tomas var ein ivrig gardbrukar som dreiv opp jorda og rydda ny­land. Han sette opp nytt fjøs og ny låve.

Anders Aune vart g. i 1946 m. Anna I. Kallar, f. 1921. 2 born:

  1. Terje, f. 1946, g. 1969 m. Anne-Lise Sten, Trondheim, f. 1945. Barn: Wenche.
  2. Gunvor, f. 1948, g. 1967 m. Harald Jensås, Ålen. Barn: Toril.

Anders Aune har lagt om drifta og har berre sauer. Han har bygd ny stugu på vestsida tunet der stallen og sommarstugu stod før.

HÅMMÅR'N
Nedl. plass

Håmmår'n som det blir sagt i dagleg tale, låg aust for Brynnåa. Ein bergrygg som stikk ut i Nea her og kallest Brynnåhammaren er opp­havet til namnet. Plassen var liten, men det er djuplendt her og god jord og, men litt bratt når det ber oppi jordet. Plassen vart bureist i

194