Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 195

1820-åra av Esten Olsen Tuset, den yngste av sønene til Anne Estensd. og Ole O.  Tuset.

Esten Olsen som var f. i 1794 vart g. 1823 m. Ingeborg Torgersd. Rolset, 30 år gl.

Dei hadde 3 born:

  1. Kari, f. 1823.
  2. Ole, f. 1826.
  3. Anne, f. 1832.

Kari vart g. 1845 m. Peder Larsen og hadde ein son, Lars, før dei for frå grenda. Ole tok over plassen. Han var ugift. Anne vart g. i 1856 m. Ole Bersvendsen Aftret, og har stor slekt etter seg.

Jentene lærte å spela på fele av farbroren på Tuset, som laga fele åt dei og. Dei to jentene vart båe flinkare til å spela, og det var vanleg at ungdomen møttest i Håmmåra til dans om laurdagskveldane.

Esten Olsen omkom ved eit ulykkestilfelle i 1842. Det var i midten av april, han hadde vori oppi fjellet etter eit moselass. Han køyrde med okse og var komen nestan ned til Bjørken da ulykka hende.

Dei såg han frå Bjørken da han kom over åsen aust for garden, men da han ikkje kom lenger laut dei i veg å sjå etter han, og fann han død under moselasset som hadde velta. Det er ei skeivfonn i vegleia der, og der hadde ulykka henda. Esten gjekk i sikofte, og dei trudde kofteflaka hadde kommi under slåmeien og rivi han overende med han gjekk og styrte. Oksen hadde stana.

Det var svært som ulykka tok på dei som var att. Ole var reint frå seg, fekk slik sjelekval for faren, - la seg over han og bad Herren om å forbarme seg over sjela hans.

I 1865 var Ole Estensen att åleine. Mora var død, og Ole stelte huset for seg sjølv. Men det var to hushald på plassen. Beret Severinsd. Bak­ken budde der som losjerande, 41 år gammal.

Ole hadde 2 kyr og 4 småfe, 3 geiter og 1 sau. Og han sådde 1/4 t. bygg og sette 1 t. potet.

I 1875 var buskapen minka til 1 ku, 2 sauer og 1 geit, men utsåden var like eins som før.

Ola Håmmåra vart noko eigen og strid på sitt og litt rar på sine gamle dagar. I manntalet 1875 står tilføgd «sindsvak», men det var han ikkje. Han var svært religiøs og tala reint ut til folk. Sjølv var han trygg og urokkeleg og var ikkje lett å bøye heller.

Han kom i pleie på Tuset og døydde der. Så lenge han gjekk oppe, måtte han absolutt ta turar heim, og helst om kveldane. Vertsfolka var ikkje glad for desse turane, og nokre ungdommar prøvde å skræme

195