Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 196

han, og gjekk han i møte med laken over seg. Men «Håmmårn» let seg ikkje skræme, han rette fram staven og ville prøve spøkelset. «Er du en ånd,» høyrde dei han sa, «går staven i gjennom, men er du et men­neske, støter det i mot.» Han tala etter boka når han var høgtideleg.

Han ville liggje i fjøset og ville aldri høyre tale om å flytte inn om så presten skulle sjå om han og. «Kan ikkje presten komme i fjøset, så skal ikkje eg ha noko av han,» sa han.

Ole Estensen d. i 1901, 75 år gammal. Plassen vart nedlagt og husa rivne.

BRYNNÅ
G. nr. 112, br. nr. 6 og 10.

Brynnå er forretningsgarden til Floren Handelsforening. Tomta ligg ved tverelva Brynnåa på Tuset austre og har namn etter denne.

Floren Handelsforening kom i gang i 1919. Forretninga løyste han­delsbrev den 8. desember og åpna butikk på Skogan med John Fr. Røsset som handelsstyrar. Røsset slutta etter eit halvt års tid og Olaus Melan kom i staden.

Forretninga heldt til på Skogan i halvtanna år til våren 1921 da ho flytta til eige lokale på Brynnå. Forretningslokalet var ei vanleg stugubygning. Den var delt med to mellomvegger. Midtrommet vart teki til butikk, det største av dei andre to vart lagerrom med loftet opp­for som mjølbu. Det mindre rommet vart kontor og smørbu, og lofta over desse og butikken vart innreidd til styrarbustad med serskild ut­gang. Olaus Melan styrte forretninga i 11 år til 1931 da han over­tok styrarstillinga på Innbygdens Handelsforening.

Olaus Melan, f. 1891 vart g. 1921 m. Anna T. Tuset, f. 1899. Dei har 2 born:

  1. Ragnhild, f. 1922, g. m. ingeniør Magnus Haugen, Lånke, bur i Trondheim, 2 born: Grete og Atle Olav.
  2. Inge, f. 1926, reisande, g. m. Ingrid Moholdt, Tr.heim, bur s.stad, 3 born: Olav Andre, Anne Marie og Arne Nikolai.

Etter Melan kom Ola Øra, Verran. Han styrte forretninga i 2 år, reiste da heim for å ta over privat handelsforretning, vart seinare lens­mann i heimbygda.

196