Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 198

Vikvarvet som bestyrar på samvirkelaget, og derifrå til Soknedal Sam­virkelag.

Krigsutbrotet og enda meir invasjonen innvarsla eit tidsskifte på det økonomiske område som på så mykje anna.

Første halvpart av dei 20 åra forretninga hadde vori i gang, kan vel best karakteriserast som ei stille tid med nedgang i vareprisane år for år, stor varsemd både hos forretningsmann og kjøpar, og som følgje av det svært liten avanse. Det var ei vanskeleg tid for dei som skulle drive forretning, og mange handelsforretningar laut søkje akkord. Mange laut og slutte.

Dei neste 10 åra tok det til å svinge andre leia og dette gav utslag i stigande omsetning, større overskott og større tillit til forretninga. Om­setninga, som første året forretninga var i gang, var på 70000 kr. minka år for år til omsetninga i 1932 var under 40000 kroner. Sida gjekk det andre leia og i 1939 gjorde den eit lite hopp og kom over 100 000, truleg gjennom bureisinga. Krigstida og den næraste tida et­ter sermerkte seg med stor kjøpelyst, men lite og mest ikkje noko va­rer utom dei som var rasjonerte. Heller ikkje dei var så få. Sko og klede vart mangelvare, og mange hushaldningsvarer som ikkje var å få vart erstatta av surøgat. Varemangelen heldt seg i mange år etter kri­gen og. Så seint som i 1949 har foreninga vedteki at blåty og flanell skulle haldast unna ope sal til fordel for dei som hadde born.

Løner og vareprisar vart haldne nede gjennom heile krigen, medan svartebørshandelen florerte.

Kvam var handelsstyrar her den hektiske tida da invasjonen kom.

Han greidde å fylle bua med mat- og andre forbruksvarer som var av stor verdi i den oppskaka tida.

Etter Kvam kom Per Nordgård, Tydal, som handelsstyrar, og han vart verande i 17 år til 1958.

Det vart ikkje lite omskifte i denne tida. Med bureisingsfeltet på Nekåbjørga og arbeidsleiren som vart bygd i krigsåra, trongst det meir folk på butikken, og i 1941 var det fast butikkhjelp, mot daghjelp før.

Etter krigstida vart det eit kapplaup mellom prisar og løner som mest tok pusten frå folk. Store anleggsarbeid kom i gang med arbeid og forteneste og større krav til all slags service. Det kravdest kjøleskåp og fryseanlegg, og i 1955 monterte handelsforeninga fryseanlegg i kjel­laren.

Det var andre tal no enn da forretninga sette opp nybutikken. Fryse­anlegget kom på 20000 kroner, og det vart lånt 3/4 av summen.

198