Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 199

Nordgård, som var f. i 1901, slutta som bestyrar i 1958 for å fara heim og hjelpe broren med gardsbruket.

Som ny bestyrar kom Ole Kjøsnes, Selbu, tidlegare betjent på Tydal Samvirkelag. Han kom midt opp i ståket med å byggje nytt lagerrom. Gamlelageret var framleis i bruk, og nybygg hadde vori diskutert på fleire årsmøte til spørsmålet endeleg vart avklåra.

Det nye lagerrommet som er bygd i same breidd og høgd som butik­ken, kom på 25 000 kroner og vart finansiert ved lån. Her og vart det innreidd rom i andre høgda til posthus. Anlegget ved Hegset-dammen vart no sett i gang, og forretninga innreidde familiebustad og i andre­etasjen som var bortleigd i heile anleggstida.

Omsetninga som hadde nådd 200 000 kroner etter krigen, hadde auka til 342 000 kroner siste året Nordgård var her. Dei store anleggsarbeida ved Hegsetdammen, tunnelen og kraftstasjonen i Hestspranget sette ny kveik i oppgangen og omsetninga nådde mest det doble på tre år. Sei­nare og har den halde seg høg, kring 550 000 kroner.

Den store stigninga kom sjølvsagt mykje av den veldige prisstig­ninga, men og auke i varehandelen, da forbruket er langt større no enn før. Arbeidet har og auka, og frå 1960 har det vori både betjent og butikkdame attåt bestyraren. Forretninga har følgd opp med nye investeringar. I 1965 fekk butikken nytt inventar for sjølvbetjening, ei affære som kom på 30000 kroner, men som kunne finansierast utan lån.

Ved 50-årsjubileet stod handelsforeninga med moderne lokale og ei formue som nærmar seg 100000 kroner.

Ole Kjøsnes, f. 1918, vart g. 1959 m. Elisabet Ås, Tydal, f. 1927. Dei har 1 barn: Anne Lise, f. 1961.

TUSETÅSEN
Nedl. plass

Tusetåsen eller Åsarommet som dei kallar plassen, ligg i Ustigardstrøa på søre side Nea. Plassen var bygsla i 1859 av Ole Ingebrigtsen Tuset. Ole var innflyttar. Han kom til Flora i 1846 i følgje med broren Ansten, mora, Marit Rasmusd. og fleire av huslyden. Ansten hadde fått feste på Bjørken. Huslyden skreiv seg for Bråten og var frå Tyldal.

Ole Ingebrigtsen, f. 1813, vart g. i 1856 m. Marit Arentsd. Næss,

199