Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 200

f. 1831. Foreldra hennar, Magnhild Olsd. Neset, f. 1805 og Arent John­sen, losjerte på Neset.

Ole og Marit hadde 4 born, alle gutar:

  1. Ingebrigt, f. 1856, bygsla plass under Neset, noverande Fremo.
  2. Ole, f. 1860, g. 1887 m. Ingeborg Johnsd. Evjen og kjøpte små­bruket Bergemo, og tok dette namnet. Dei hadde 8 born: John, Ma­rit, Ane, Ole, Peder, Inga, Olaf og Magne.
  3. Ansten, 1863, for til Am., ug., budde i Mpls.
  4. Arent, f. 1870, g. 1893 m. Mali Barosd. Uthus, budde på Stortrøa under Flaknan.

Tusetåsen er på kring 3 mål jord. Her sette Ole Ingebrigtsen opp ei lita einhøgda stugu og budde her. Mor hans, Marit Rasmusd. Bråten, budde og hos dei. Ho døydde i 1862, 82 år gammal.

Ole rudde opp plassen, men noko større jordsbruk hadde han ikkje. Plassen er ført i folketeljinga både i 1865 og 1875. Dei har både sådd og sett potet, krøter er ikkje oppført. Ole gjekk idagleige, ­hogg tømmer og dreiv med handsaging, var på onnearbeid og tok på seg jorddyrking og anna tilfelleleg arbeid, og hadde det ikkje så lett. Ole hadde brote av fot ein gong og var halt, og gjekk under namnet Halt-Ola.

Ole Ingebrigtsen døydde i 1887, 74 år gammal. Kona, Marit Arentsd. fire år før, i 1883, 54 år.

Plassen vart da nedlagt, og stugu flytta ned på elvmelen ved Sag­bekken på tomt under Neset.

DRIVVOLLEN

Drivvoll ligg på søre side Nea, vest for Usma. Det er to gardar, Ustistugu og Nordigar'n. Gardane vart bureist kring 1850 av to brør frå Tuset austre. Drivvoll høyrde Tuset til og var brukt til seter. Dei kom med geitene her tidleg om vårane. Det blir tidleg geithamn i den bratte elvbjørga her, og fleire gardar hadde geitsetrar. Uthus vestre setra i Branden, nord for Drivvoll, og Tuset vestre hadde geitsetra si på Langsetenget som grensar mot Langsmoen. Mellom denne setra og Branden ligg Fossen, som høyrer til Hegset og har vori brukt som haustseter. Setervalda går til elvbrettet, og Drivvoll grensar i vest og sør mot Flaknan, som har hatt geistseter på den for lang tid sidan

200