Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 202

som Usma må ha vori kalla ein gong i tida. På Rotldalen har ein same namnet på ein setervoll. Drivvollen der ligg og ved ei fossande elv, og denne heiter Driva.

D R I V V O L L vestre (Nordigar'n)
G. nr. 112, br. nr. 9.

Som alt fortalt, så var det den eldste av dei to brørne som bureiste Nordigar'n Drivvoll. Han heitte John Olsen, og flytta til Drivvoll i 1848, truleg. Broren kom ti år seinare.

Det var meininga at John skulle ha Drivvollen aleine, og Gunder plassen Hammaren, når den vart ledig. Men John syntes det var nok jord til dei båe på Drivvollen, og slik gjekk det til at Gunder kom etter.

John Olsen Tuset var f. i 1826 og vart g. i 1847 m. Marit Gundersd. Eidem, Brennan, f. 1824.

Dei hadde 4 born:

  1. Ragnhild, f. 1847, g. 1872 m. Ole Johnsen Tuset, Viengtrøa, lo­sjerte ei tid på Drivvoll før dei for til Am., farma ved Beltramti, Minn.
  2. Ole, f. 1851, tok over garden.
  3. Gunder, f. 1856, for til Am. i 1879, farma ved Osseo, Minn., gift og hadde 3 born: Sina, Mathilde og Johannes. Kona, Julia d. og Gunder g. att i 1900 m. Marit Johnsd. Ørås, Røssethaug.
  4. John, f. 1857, g. 1888 m. Beret Gundersd. Uthus, Haugan, for same år til Am., farma ved Beltrami, Minn., 3 born: John Martin, Gun­nerius og Rudolf.

John Johnsen var ein morosam kar, full av påfunn, og det gjekk mange historier om han.

Ein gong sette han opp knadetrauget til skyteskive for ein kame­rat, berre på spit. Men kameraten skaut godt denne gongen, enda han stod på andre sida av storelva og John fekk hol i trauget.

Ein gong kom han med så fin ei treskei til sjølvkona på Flaknan, da han var ved Kvernbekken og mol. Seinare på dagen kom han med ei like så fin skei som han gav dottera. Da dei så skulle samanlikne gåvene, kunne ikkje mora finne skeia si, og no skyna dei at det måtte vera same skeia båe to hadde fått i gåve.

Reint vidspurt vart ei historie han fortalde om da han skulle hjelpe ein med å lesa eit kjærlighetsbrev. Karen ville naudleg at nokon skulle

202