Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 205

John O. Drivvoll d. i 1959, 62 år gl.

I 1961 overdrog Gjertrud Drivvoll bruket til yngste sonen, Gunnar Jarle for 2000 kroner og kår. Samtidig vart Granøya overdregi til han.

Jarle tok seg av heimgarden med liv og lyst, støypte ny kjellar under resten av stugu, og pussa opp innvendig.

Han går no på lærarskulen på Levanger. Jorda er bortleigd.

DRIVVOLL austre (Ustistugu)
G. nr. 112, br. nr. 8.

Bureisaren på Drivvoll austre, Gunder Olsen Tuset, var f. i 1831 og vart g. i 1856 m. Ingeborg Olsd. Flakne, f. 1834.

Dei hadde 5 born:

  1. Ole, f. 1857, for til Am. 1887, kom att i 1892, d. 1899.
  2. Ole, f. 1860, tok over bruket.
  3. Ragnhild, f. 1863, g. 1891 m. Ole Johnsen Uthus, budde på Meium, Selbustranda.
  4. John, f. 1869, dreiv garden saman med broren.
  5. Ingeborg, f. 1873, g. 1895 m. John B. Hegset, på Hegset øvre.

Gunder Drivvoll losjerte først hos broren til han fekk opp hus. Han dreiv Hoem øvre nokre år, men våga ikkje kjøpe garden og flytta til Drivvoll att.

Om jordsbruket opplyser teljinga i 1865 at han hadde 1 hest, 3 naut, 6 sauer og 2 geiter, og sådde 1/4 t. bygg og sette 1 1/4 t. potet. Ti år etter hadde han forutan hesten, 5 naut, 4 sauer og 11 geiter.

Det var ikkje alltid lett å få endane til å møtast på det nyreiste bruket. Åkeren ville ikkje alltid bli mogen, og det hende dei leigde åkerland oppe i bygda (Tuset, Bjørken) for å sikre seg avling. Ikkje var det pengar å kjøpe for heller alltid. Ole Drivvoll, den nesteldste, for­talde mykje om korleis dei streva.

Ein gong dei slapp opp for mjøl, køyrde far deira til hytta på Mølnå, det var både korn og mjøl å få der. Borna var små enda og venta trutt på faren. Da dei fekk sjå han kom nede ved Engrnoen, hengde mor deira grautgryta over elden. Og så god graut som dei fekk den kvel­den, trudde Ole han aldri hadde smaka sidan.

Ein gong vart dei mjøllause i markaslåtten. Dei slo i Hesjedalen. Ole, og den eldre broren, Ola, var med faren og skulle hjelpe til med

205