Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 207

John var ivrig jordbrukar, grøfta og rydda nyland. I 1934 kjøpte han Smedplassenn, bnr. 6 under Bakken, som sidan har vori drivi som underbruk til garden.

I 1919 fekk dei eiga seter. Setra ligg på Rotldalen og har høyrd Evjen til. Her var Anne Drivvoll budeie i over 30 år. Ho trivdest på setra med kyrne og den store geithoppen. Her hadde ho vori budeie før og, for dei på Evjen.

Setra ligg midt i turistvegen til Stormoen, og Evjevollen vart ein kjær kvilestad for fjellturistane.

Dei setra på Drivvoll til 1961 og var dei siste som setra i Flora.

John G. Drivvoll d. i 1947, 78 år gammal.


Oie G. Drivvoll.

Ingeborg Rønsberg, som hadde vorti enkje, flytta no heim. Olaus og Ingeborg hadde 3 born:

  1. Hans, f. 1935.
  2. Solveig Kristine, f. 1938, g. m. Per O. Flakne.
  3. Anne Jorunn, f. 1943, hjelpepleierske, g. 1968 m. Jan Varmdal, bur i Trondheim. Barn: Mona.

I 1963 overtok Hans Rønsberg eigedomen med øya og Smedplassen for 10 000 kroner og kår til seljar.

BJØRKEN
G. nr. 113.

Bjørken høyrer med mellom dei gamle gardane i Flora. Han er for første gong funnen nemnt i ei skriftleg kjelde frå 1590. Gardsnamnet er da skrivi «Bierckenn».

Den forma gardsnamnet her har fått, tyder ikkje på serleg høg alder, meiner dei lærde. Men her som over alt gjeld det at dei eldste