Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 209

Schøller og gjekk så den vanlege vegen frå Schøller til Brix også til Schøller att. Vidare til Weinigel og Schøller på nytt, og så til Krog-h­ane til garden i 1828 vart kjøpt av brukaren.

Om Jens Bierchen er det ikkje meir ein veit enn at han var opp­sittar på garden i slutten av 1600-talet og.

Etter hundreårsskiftet møter me nytt folk på garden. Dei skriftlege kjelder vert no rikare og gjev fyldigare bilete av garden si soge. Men først litt om sjølve garden.

Bjørken ligg mellom gardane Tuset og Hegset og er avgrensa mot den siste ved Hegsetbekken. Mot Tuset følgjer grenselina høgdedraget næ­rast mellom dei to utmarkene. Dette gjeld den næraste utmarka. Den smitar ut ved Oddane som ligg på høgda mot Rotldalen like ved Gross­vollen der Hegset støyter i hop med Tuset si utmark. Her låg Oddvollen, ei seter garden brukte heilt til utskiftinga 1901. Nord for høgda, mel­lom denne og Rotla har garden sitt største utmarksområde, Rotlbjørga, eller Bjørkamarka som det og er kalla. Den grensar mot ålmenningen i aust og mot Flaknan seter i vest.

Her hadde garden 3 setervollar. Rotlvollen og Nyvollen i vest, og Svarttjønnvollen i aust. Rotlvollen ligg like ved Rotla og er mest så stor som ein gard. Her setra dei på ettersommaren medan dei to andre var vårsetrar.

Garden hadde rikeleg med markaslætte, og ein nemner her nokre av dei viktigaste. Dei ligg alle i vegleia til Rotlvollen. I rekkefølgje kom Rytmyra og Oddane i heimemarka. Vidare: Vassdalen, Hestkåsen, Ny­vollmyrane og Buåsen.

Bjørken har ikkje eigedomsvald på sørsida Nea. Garden rekk heller ikkje ned til elva, men er avgrensa mot sør ved eit stup dalsida gjer mot elva. Garden vert soleis liggjande høgre enn dei andre (frårekna den gamle Øråsgarden). Men jordsmonnet er ideelt, djup matjord med leirjord. Nedste parten av jordet ligg i ei bratt li, Bjørkaliene. Her låg den gamle åkerjorda som var rekna for å vera årviss. - «Vart det ikkje årveg i Bjørkafota, vart det ingen stad», vart det sagt.

I 1701 sat Jon Olsen, 60 år gammal, som leiglending og husfar på garden, med 4 søner: Halvor, Gunder, Tommis og Ole. Alderen var 17-15-13 og 8 år. Av kyrkjeboka går det fram at mora heitte Eli. Kvar ho og Jon var i frå er ukjent. «Eli Birchen, Jon Birchens qvinde i Frolen d. i 1717, 68 år gl.», står det. Jon Birchen d. i 1727, 80 år g.

Av sønene vart den eldste heime, Gunder kom til Tuset. Tommis og Ole veit ein ikkje meir om.

Det vert som ein ser atter Halvor Bjørken, og det kan tenkjast den

209