Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 210

nye Halvor var i slekt med den eldre. Det må i så fall ha vori på mor­sida så Jon Olsen var gift til gards, som ein seier. At eldste son har fått namnet Halvor og ikkje Ole, tyder og på det. Namneskikken var slik.

Halvor Jonsen vart gift i 1713. Kona heitte Berit Hemingsdotter og var frå Greislie (Gressli). Dei hadde 2 små born da garden vart vitja av general Armfeldts karar i 1718. Halvor hadde da teki over gardsdrifta og er ført som oppsittar i takstprotokollen over skaden, og den var ikkje liten.

Vanleg lykkast det å gøyme unna krøter, først og fremst hestar og kyr. På Bjørken er det likt til at framandkarane fann fullt hus. Berre hesten har dei ikkje fått tak i. Skadetaksten nådde over hundre riks­dalar og er sett opp slik:

Bordkledning og skigard, brent    2          -          «          -          «

16 tynner bygg                             30        -          «          -          «

12 lass halm                                 6          -          «          -          «

22 ½ lass høy                               11        -          1          -          «

7 kyr                                             24        -          2          -          «

1 kvige                                          2          -          «          -          «

7 småfe                                         3          -          2          -          «

Gardsredskap                               13        -          «          -          «

Klede og innbu                              5          -          «          -          «

Matvarer                                        7          -          1          -          «

Heile skaden                                 104      -          2          -          «

I 1723 er utsæden på Bjørken oppgjevi til 1 ½ t. og foravlinga til 27 lass, og krøterhaldet til 1 hest, 3 kyr, 2 ungnaut, 2 sauer og 3 gei­ter. Om garden heiter det at han er tungvunden, frostlendt, uviss til korn, men god til eng, og kunne stå for si skyld.

Halvor Jonsen og Berit Hemingsd. hadde 7 born:

Eli f. 1715 - Heming 1718 - Kirsti 1721 - Jon 1724 - Magli 1727 - Anders 1731 og Peder 1734. Ein saknar odelsguten som et­ter skikken skulle ha heita Jon, men som truleg var død.

Av desse borna får me høyre meir om Heming og Jon, Kirsti vart m. Peder Olsen Kyllo. Dei andre veit ein ikkje meir om.

Halvor er ført som oppsittar på garden så seint som i 1746. Han døydde i 1752, 68 år gl. Berit Hemingsdotter vart 87 år. Ho d. i 1772.

210