Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 211

I manntalet 1762 er det ført opp 6 personar på Bjørken. Det er brørne Heming og Joen, båe gift, ei 13 år gamal dotter av Heming og bestemora, Beret Hemingsdotter, «sengeliggende», står det. Heming var oppsittar og kona hans heitte Ane Joensdotter. Joen er ført som inderst, og kona hans heitte Ane Hansdotter. Ho var frå Hilmo. Jon var heime så seint som i 1765, men i 1767 var han komen på Stor­moen, og vart buande der heile si tid. Eldste son hans kom attende til Bjørken att, så me får høyre meir om huslyden til Jon.

Heming og Beret hadde 4 born:

Beret 1750 - Joen 1753 - Marit 1755 og Halvor 1759.

Her er og odelsguten borte, dei må ha hatt ein son før Beret. Beret vart g. m. Lars Jonsen Mebust, Uststu, og Marit m. Ole Pedersen Øråsplassen. Joen vart verande heime og Halvor veit ein ikkje meir om. Ein veit heller ikkje kvar mora, Ane Jonsdotter var frå.

Ho døydde i 1765 ( ?) Tre år seinare gifte Heming seg att. Andre kona heitte Marit Barosdotter og var truleg frå Uthus austre.

Heming døydde i 1775, 57 år. Han var kanskje «Bjørkamannen» som miste livet i «Bjørkmannsvåen» i Usmbjørga, om hendinga skriv seg frå «historisk» tid. Heming hadde kona si frå Uthus, og kan ha hatt både markaslått og mosetak i Vora, enda Bjørka ikkje hadde eigedom der. Heming døydde og på den tida dei køyrde markaforet.

Marit Barosdotter hadde ikkje eigne born, men stedsonen, Jon He­mingsen, var heime og hjelpte henne.

Neste oppsitjar på Bjørken var Jon Hemingsen. Han vart g. i 1782 m. Beret Tøresdotter Enbakken, enkje etter Peder Knutsen. Dei hadde ikkje born, men Beret kom med 2 born frå første ekteskap: Beret, f. 1754 og Knut, f. 1768. Båe to døydde i ei fæl sott som gjekk over bygda i 1788.

Beret Tøresd. d. i 1796, 70 år gl.

Ikkje lenge etter vart Jon Hemingsen gift med ei enkje på Vølset i Innbygda og flytta frå Bjørken, og da kom det enda ein gong ein Hal­vor Jonsen til Bjørken, denne gong frå Stormoen. Joen Hemingsen, eller Vølset'n, som dei kalla han no, var fadder til odelsguten, Jon Halvorsen.

Me lyt no gjera eit hopp attende til inderstfolka på Bjørken i 1762, som flytta til Stormoen, Jon Halvorsen og Ane Hansd., heitte dei. Dei hadde 6 born; Beret 1759 - Kari 1761 - Halvor 1765 - Marit 1767 - Hans 1771 og Jon 1774.

211