Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 215

vil eg ikkje vita av,» sa han og reiv opp med rot. Og han hakka og svidde unna, så han fekk både beite og engslætte kring garden. Rotl­vollen flidde han og opp, så han hadde 25 vinterlass der.

Men så vart det og stor buskap. Teljinga 1875 fører opp 1 hest, 10 kyr, 4 ungnaut, 5 sauer og 3 geiter. Om gardsbruket ellest er det opplyst at dei sådde 1 1/2 t. bygg og sette 6. t. potet.

All åker var nede i liene, og dit flytta John låven, og tryska kornet der. Folk brukte ofte å ha potetkjellar frå husa. Slik her og. John Gun­dersen hadde potetkjellaren sin på kammen oppfor Håmmårrommet. Staden ligg utafor gjerdesgarden, men John hadde fått grevi ein god kjellar her, for det var så måtsamt eit jordsmonn. Her var tør blåleire, så kjellarveggene stod like fine år etter år. Hit bar dei potetbyttene i hendene opp frå åkeren, og herifrå bar dei poteten på same måte til gards i vinterhalvåret att.

John Bjørken, som han no skreiv seg for, ordna mykje med husa.

Han flytta ikkje berre låven. Han reiv det gamle stugulånet, nøyde seg med ei stugu som han sette opp på nersida av tunet. Den andre vart til ny låve på den gamle låvetufta. Stallen flytta han og til denne side av tunet. På vestre side, der stallen hadde stått før, vart det no rom til fjøsa.

Stugu han tok i bruk, hadde vori ei gamal lågstugu med påtømra loft. Stugurommet vart no delt i to, og med desse romma greidde John seg si tid. Buret stod mellom stugu og låven. To store eldhus vart selde. Gammellåven og stallen var oppsette av Jon Halvorsen.

Både John og Kari Bjørken var helsuge folk. Kari var åleine på setra med veslebarnet sitt første sommaren dei var på Bjørken. Dei fekk ein stor barnhop og laut fara varsamt med maten. «Du må ikkje målå opp årvegen din om hausten,» sa han til ein av sambygdingane. «Du må heller kjøpe litt, og svelte litt.» Om ikkje John akkurat svalt, så kunne han i alle høve bie over eit mål eller to om det kneip. Ein sommar på Rotlvollen, dreiv han på med slåtten mest veka til endes utan å eige grandet av grjon. - «Men eg vart fotmaug av det,» sa han.

John Gundersen Bjørken, f. 1819, g. m. Kari Johnsd. Gåre, f. 1827. John d. 1911,91 år og Kari d. 1907,80 år gl.

Dei hadde 9 born:

  1. Gunder, f. 1850, bygsla plassen Brattåsen.
  2. Alet, f. 1852, g. m. Baro Didriksen Hegset.
  3. Anne, f. 1854, g. m. Peder P. Bjerken, Byåsen, reiste til Am.

215