Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 217

Brattåsen, til høgre «Velta», i bakgrunnen, Asheim og Bjørkhaug.

BRATTÅSEN
Nedl. plass

Brattåsen vart bureist i 1840-åra av Jon Halvorsen Bjørken, hugsar me. Plassen ligg i svært bratt lende aust for Bjørkajordet. Verhardt er det og, og bureisaren laut flytte stugu frå første tufta han valde til ei daulp like ved grenselina mot Hegset der det er litt ly for vinden. Av husa Jon sette opp, står enno stugu og låven, som båe vart opptømra av nytt vyrke. Fjøset som er teki vekk, var ei gammal stugu han flytta frå Bjørken.

Jordvegen var ikkje berre bratt, men grunnlendt og. Berget stikk fram fleire stader, så det var rart at folk kunne livnære seg der. Men poteten voks mellom rabbane, og kornet og, og det foret dei ikkje avla på plassen, vart teki på myrane i utmarka. Og det var utruleg kor mykje krøter dei hadde. Teljinga i 1865 fører opp 5 naut, 6 sauer og 1 geit, og utsæden var på 4 t. potet. I 1875 er det ført ei kvart tynne bygg i utsæd og.

Jon Halvorsen f. 1801 vart g. andre gongen i 1838 m. Guri Olsd. Ysetmo, f. 1804.

Guri var syster til Ole Olsen Gilsetstøen og kom i følgje med han til Neset. Ho hadde eit barn, Anne Jonsdotter, f. i Haltdal 1828. Guri

217