Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 221

Bjørken vestre.

garden til Einar P. Bjerken for 8000 kroner. Espelund har innreidd det gamle tunet til hytte. Einar Bjerken, som nettopp hadde sett opp nye hus på småbruket sitt, driv Bjørkajordet attåt heimjordet.

BJØRKEN, vestre
G. nr. 113, br. nr. 3.

Bjørken vestre vart utskilt frå den gamle Bjørken-garden ved skyld­delingsforretning i 1908. Gammelgarden vart da delt midt i to mellom brørne Gunder og Anders Bjerken med ei skyld på 1,66 mark på kvar. Det var lagt bein merkesline mellom bruka frå sør til nord. Anders fekk vestre bruket, som var utan hus, så dei er nybygde. Seter-retten og markaforinga i Rotlbjørga vart og delt likt. Hovudbruket setra på Nyvollen og vestre bruket brukte Svarttjønnvollen, og så var dei båe om Rotlvollen som dei flytta til på ettersommaren.

Rotlvollen er ein vid setervoll, og Anders Bjerken hadde jamnt over 10 lass for året her. Vegleia til Rotlvollen gjekk frå Sommarfjøshaugen opp Litl-bekkdalen og opp Rytmyra mot Oddane, så ned Vassdalen til Hestkåsen, Nyvollmyrane og Buåsen. Her var det myrslætte heile vegen.

221