Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 222

Dei på Åsen slo framma høgda, Rytmyra og Oddane, medan dei sjølve tok det meste av markaforet i Rotlbjørga. Kring midten av 1930-åra vart det slutt med myrforinga, og Rotlvollen vart slegen for siste gong i 1940. Det var da 10 år sia dei hadde setra på Rotlvollen. Dei hadde berre vori på Svarttjønnvollen denne tida og i 1940 slutta dei for godt med setringa og gjette krøtera i heimmarka.

Heimjordet var knapt 40 mål etter garddelinga, men Anders og søn­ene dreiv på med nydyrking så det no er kring 60 mål.

Anders Bjerken, f. 1869 vart gift med Beret Pedersdtr. Bjerken (Åsen), f. 1868.

Dei hadde 8 born:

  1. Karen, f. 1895, g. 1944 m. Artur Jakobsen, Trondheim.
  2. John, f. 1897, ug. driv garden saman med broren.
  3. Marit, f. 1901, g. 1930 m. Kornelius Lien, Tydal. Born: Bjørg Inger og Arvid.
  4. Peder, f. 1903, ug. driv garden saman med broren.
  5. Ane, f. 1905, ug. er heime.
  6. Borghild, f. 1910, g. 1952 m. Johan Alfred Mebust.
  7. Johanna, f. 1914, g. 1937 m. Per Olav Dalø, Tømra. Born: Odd­mund, Birgit, Olga, Anders og Jan Olav.
  8. Olga, f. 1916, d. 1936.

Anders Bjerken døydde 1951, 82 år gammal. Beret Pedersdtr. døydde 1958, nær 90 år.

Brørne, John og Peder tok over garden i 1952 for ein kjøpesum på 2800 kroner og kår til mora.

BJØRKHAUG
G. nr. 113, br. nr. 4.

Småbruket Bjørkhaug vart bureist som husm.plass kring 1830. Det ligg på åsen aust for Bjørken og hadde frå først av namnet Haugen, men har vori kalla Åsen.

Bureisaren Anders Pedersen Af tret, var frå Masmoen i Vikvarvet. Anders Pedersen, f. 1809 vart g. i 1830 m. Ingeborg Einersd. Heg­set, Brautan, f. 1805.

Dei hadde 4 born:

  1. Einar, f. 1834, g. m. Brynhild P. Uthusplass, bygsla pl. Moen.

222