Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 225

Einar P. Bjerken vart g. i 1950 m. Mali Mikaline Sundal, f. 1926 i Hegra.

Dei har 3 born: Per Jostein, f. 1951, Marit Helene, f. 1952 og Kjell Åge, f. 1963.

Marit er butikkjente på Floren Handelsf.

Einar sette opp nye hus på ny tuft i 1954. Gammalhusa er rivne, men stugu på det gamle tunet er selt med tomt til Ivar Larsen i Trond­heim til feriestad. Tomta fekk b. nr. 7 og namnet Bjørkåsen.

I 1961 kjøpte Einar Bjerken hovudbruket Bjørken, b. nr. 1 som han driv attåt småbruket.

Hanna Jørgine Bjerken d. i 1968, Peder P. Bjerken d. i 1970.

BYÅSEN
Nedl. plass

Denne plassen låg aust for pl. Åsen, eller Bjørkhaug som jordet no er lagt attåt.

Plassen vart bureist i midten av 1850-åra av Peder Pedersen, Nes, f. 1827. Foreldra var Marit Olsd. Nes og ungk. Peder Pedersen Uthus. Marit var truleg frå Haltdal, tente hos Ole Olsen på Neset i 1811 og var kanskje syster hans. Marit arbeidde på Byåsen i Strinda den tida Peder voks opp, og derav namnet på plassen. Sjølv tok han Bjerken til etternamn.

Peder P. Bjerken vart g. m. Olava Evensdatter, f. 1828 i Haltdal. Dei hadde 5 born:

  1. Marit, f. 1855.
  2. Peder, f. 1858,
  3. Marit, f. 1861.
  4. Einar, f. 1864.
  5. Brynhild, f. 1866.

Jordbruksteljinga i 1865 gjev opp krøterhaldet på plassen hans til 3 naut, 4 geiter og 1 sau, og utsæden til 1/4 t. bygg og 3 ½ t. potet.

Peder Pedersen braut ut ljåheinar i «Heinberget» om vårane og selde på St. Hansmarknaden i byen. Heinberget ligg i Hegsetbekken eit lite stykke oppe i marka. Her dreiv seinare i mange, mange år ein annan Peder Pedersen, «Kong-Pe-en» dei kalla, med å bryte ut ljåheinar.

225