Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 226

Peder Pedersen reiste med heile huslyden til Amerika, truleg i 1868, og ein ny Peder Bjerken flytta inn på plassen.

Dei nye folka er ført i manntalet for 1875 og var 5 personar i talet.

Mannen heitte Peder Larsen Engesrønning, f. 1822 i Singsås. Han var g.m. Ingeborg Pettersd. Næs, Mælan, f. 1837.

Dei hadde 3 born:

  1. John, f. 1860.
  2. Lars, f. 1865.
  3. Petter, f. 1868.

Krøterhaldet og utsåd var litt større enn i føremannen si tid: 4 naut og 5 sauer - 1/4 t. bygg, ½ t. havre og 4 t. potet.

Peder Larsen skreiv seg og for Bjerken. Han reiste til Amerika i 1888, farma i Godrik, Minn. Året etter kom eldste son, John Pedersen att, gifte seg m. Anne Johnsd. Bjerken, reiste over igjen same år og kom til å dra fleire av Bjerken-folka etter seg til Amerika.

Plassen vart nedlagt da Peder reiste, og husa fråflytta.

ÅSHEIM
G. nr. 113, b. nr. 5.

ÅSHEIM, villatomt, utskild I 1951 frå Bjørkhaug. Eigar: Otto Bjerken, g. m. Anna Petrine Sundal, Hegra, f. 1923. 2 born: Håkon, f. 1957, og Peder, f. 1960. Otto Bjerken er bygningssnikkar. I 1966 flytta han til Trondheim. Dei bur i sjølvbygd villa i Tiller.

BRATTÅSEN
G. nr. 113, b. nr. 6

BRATTÅSEN, hyttetomt, utskilt frå Bjørken i 1961. Eigar: inge­niør Arne Espelund, Trondheim.

226