Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 227

Hegset, Hegstad, Solbakken pa toppen, Hegli og Solli aust for bekken.

BJØRKÅSEN
G. nr. 113, b. nr. 7

BJØRKÅSEN, hyttetomt, utskild frå Bjerkhaug i 1966, og seld til Ivar Larsen, Trondheim.

HEGSET
G.nr.114

Omlag ein kilometer oppover dalen frå Tuset ligg Hegset. Det er to gardar, Hegset og Hegset øvre. Den siste er eit småbruk. Der låg Hegset-garden frå først av. Gardane ligg vakkert til med hovudbru­ket på flata ved elva og den andre i lia ovafor. Det er kring halvt­anna hundre år sia garden vart flytta og den gamle tufta og jordet i kring vart utlagt til husmannsplass. I lia der har ein såleis eldste dyrkajorda på garden.

Ved den tid garden vart flytta vart det bygd vognveg til gards langs elva. Den gamle kløvvegen gjekk over Bjørka-liene.

Hegset er største garden i Flora med ei samla skyld på 11,61 mark.

Mesteparten av utmarka ligg på nordre side av dalen. Den grensar

227