Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 228

mot nabogarden Bjørken i vest, og mot Tydal herad i aust. Mot nord grensar garden til Rotldal statsallmenning og garden Bjørken si ut­mark. Her går merket etter høgdedraget mellom dei to dalføra. Lengst vest går Hegsetmarka over vass-skilet mot Rotla og ned i Liåsane. Her låg setra Livollen. Renskarsvollen og Bjørgavollen låg i Hegsetbjørga, den lange skogvaksne dalsida oppover mot Tydal.

På sørsida av dalen har garden to område: Fossen og Hegsetdalen. Fossen ligg i dalsida nord for Drivvoll der Råna fossar utfor elv­bjørga og har gjevi området namn. Her hadde garden engslætte og haustseter. Hegsetdalen ligg inst i Gardalen. Her hadde garden vide marka slætte og to setervollar: Hegsetdalen og Storlia.

Noko skriftleg om busetting finst ikkje, men gardsnamnet fortel at den går langt attende.

Om namnetydinga skriv Rygh at første namnelekken kan vera mannsnamnet Hegg eller namnet på dette treslaget, eller og eit elv­namn, Hegga som bekken ved garden da i tilfelle må ha hatt til namn. Det første, mannsnamnet Heggr, synest vera mest rimelig.

Gardsnamnet har tostavings tonelag og stemt g i uttalen. Det bru­kest berre i ei form som gardsnamna Uthus og Tuset, og får same pre­posisjonsrekkja som dei: «til Hegset» og «å Hegset». Av eldre skrift­former har ein Hogsetter 1520, Heggsetther 1548 og Hegsetther 1557 og Hexsetther 1759. Seinare er skrivemåten Hegset, ofte med dobbel t.

Den første oppsittar ein veit om, er kalla Pædher, ført i skattemann­talet for Trondh. erkebispedøme 1520. Garden svara ½ mark sølv i skatt. Neste oppsittar var Asbiiørnn paa Heggesetther, som ein finn iledingsmanntalet 1548. Ledingen er ført med 11 mark smør, 18 mark mjøl. Seinare register har 17 mark mjøl.

Som tredje mann i rekkja, kjem Raualdt (=Ravald) paa Hegsetther, ført i skipsskatten 1557/59.

Raualdt er siste oppsittar ein finn nemnt på dette hundreåret, og det er først i lensrekneskapen for 1613 / 14 ein støyter på ny brukar. Han heitte Jon Ingbrettsen og er ført som odelsbonde med 16 marklag i skyld. Ein seinare lensrekneskap, den for 1650 fører opp skylda som var på 4 øre. Av den var 3 øre eller 1 spann benefisert Selbu prest­embete, medan resten, 1 øre var bondeodel. Jon Ingebrettsen har så leis ått 2/3 av bondeodelen. Resten har nok vori på andre hender. Pres­ten i bygda var bygselrådig og stedde ut festebreva på garden, I 1650 var Hr. Poffuell prest i Selbu.

Oppsittaran som kom etter Jon Ingebrettsen heitte Olle (Oluff,). Han er ført i skatteregistra frå 1640. I koppskatten er han ført opp

228