Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 089


Mali og Knut Ørås.

Knut Ørås var skomakar, hadde framifrå lag til arbeidet og kunne laga dei finaste sko og det finaste salarbeid. Skoarbeidet var eit hardt yrke. Leret skulle både svertes og smørjast.

Knut Ørås d. i 1925, 72 år gl. Mali d. 1943, 88 år.

Husa på Øråsvoll var dei same til 1914, da det vart sett opp ny stugu. Seinare vart det nytt fjøs. I 1922 vart halvparten av plassen kjøpt og i 1936 den andre. Ingeborg var heime, men på onna om som­rane, var raksterjente i 20 år og av det 15 år på Tuset vestre.

I 1941 tok Kristine og Ole Uthus over bruket. Før hadde dei budd på Langsetenget.

Ole Uthus, f. 1908 vart g. 1936 m. Kristine Marie Ørås.

Dei har 1 son, John, f. 1938, g. 1963 m. Lilian Fredriksen, f. 1942, barn Ann Kristin.

I 1958 vart Øråsvoll lagt øyde. Trondh. E-verk som gjorde innslag til vass-tunnelen ved Øråsvoll, kjøpte husa og gardstufta. Husa vart selde og flytta vekk, og tufta jamna ut. Eigedomen ellest vart ikkje seld.

Ole flytta til Oppijare, Rolset som han hadde kjøpt. Øråvollen hadde da vori busett i over hundre år.

89