Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 090

FLAKNAN
G.
nr. 109

Flaknan ligg omlag ei halv mil ovafor den gamle Øråsgarden. Gar­den ligg einsleg, men har utsyn til tre bruk på andre sida elva. Ut­marka som høyrer til, ligg på båe sider av elvdalen. På nordsida grensar garden mot Uthus både mot aust og nord. Grensa følgjer vass-skilet mot Brynnåa og Rotla til merkjes med Ørås. Frå Øråstjønna renn Kvernbekken og lagar ein ganske fin og flålendt seterdal framover heilt til han renn ned elvbjørga tett ved garden. Øvst oppe i dette bekkfaret ligg Blisteråsen. Her hadde garden vårsetra si. Namnet er minne om jarnblåster. Slagghaugen som ligg på volltrøa er synleg den dag i dag. Haustsetra låg nede i dalen på Engmoen (seinare på Engene). Der var det slåtteng og rikeleg beite.

Utmarka på sørsida av dalen går frå tverrelva Usma ti1 Vorfjellet og vestetter elvbrettet til Råna. På dette setervaldet ligg Vorvollen.

Enda eit setervald hadde garden frå gammalt. Det låg ved Rotla og var kalt Rotlbjørga. Utmarka her vart seld til A. Huitfeldt i 1853. Slætte og hamnerett gjekk frå garden ved utskiftinga i 1901. Her og i Vora tok garden markaforet sitt, og dei to områda hadde skiftevis sine seterår og slåttår. I Rotlbjørga har det vori brent myrmalm, som på Blisteråsen, og der er slagghaugen større end på andre setra.

Etter gamle segn, fortalt m.a. av «Gammel-Aunbesta» skal «Flaktn­gardn» ha ått all elvbjørga på sørsida av elva, heilt nedover mot Langs­moen. Men så døydde vaksifolket frå ein stor barneflokk ein gong, og da vart Aunet, Drivvollen, Uthus-branden og dei to øyane, Fossen og Langsetenget fråskild og gjevi bort for oppfostringa, ein lott for kvart av borna. Ein gut som kom til Hegset, fekk Fossen og skal ha budd der, er det sagt.

Det segnast og at garden først vart bygd på sørsida, men flytta nordom elva sia. Meir sætande er vel segna om at den merkelege gamle låven før 1910, som skulle ha overlevd 3 svenskekrigar, har vori flytta frå Aunet til Flaknan. Han var sjåleg nok til det, og dei flytta ofte hus i gamle dagar. Det er og sagt at «Flak» i gardsnamnet har sin grunn i at dei «flaka» seg over elva på tømmerflåtar, men vetskapen seier at dette er berre fri fantasi som korkje språkleg eller historisk har noko for seg.

Eit par andre segn skal ein også nemne, kanskje mest fordi dei har

90