Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 246

Med den nye brukaren vart det slutt med all ljåslått, men dei setra til 1946.

Med skogsbruket vart det og omskifte til snauhogst og planting, og der dei eldre streva med hest og doning for å få tømmeret fram, der durar no traktoren fram etter skogsvegar og vinsjar tømmeret til seg frå alle leier.

Garden Hegset er som kjent største garden i grenda, og ved den plass garden har midt i ferdselsvegen, har han hatt ei dominerande stilling i grenda. Slik no og, i anleggstida, som tok til med bygginga av nyvegen mellom Flora og Gressli.

Vegen vart lagt på sørsida dalen om Hilmo, vegliner stukke over fleire brustelle i Flora, men den om Hegset sigra og den flotte Heg­set bru vart oppsett.

Elvreguleringa og kraftutbygginga kom garden svært mykje borti, først og fremst gjennom si lange strandline. Damfestet på nordsida dalen med anleggsveg fram i bygda og strandline mot den nye sjøen ligg på Hegsets grunn så langt eigedomen rekk oppover dalen. Garden skaffa og grunn til anleggsbrakkar og bustadhus for administrasjon.

Alle ulemper vart sjølvsagt erstatta og garden fekk stor erstatning, men for sjølve jordsbruket på garden, er mykje tapt.

Peder Hegset restaurerte og moderniserte husa og pussa opp gar­den så han vart ein av dei vakraste i grenda. Det gamle sagbruket, som stod like ved garden, måtte rivast da nyve gen vart bygd, men moderne motordrivi sag kom i staden.

Peder P. Hegset d. i 1966,71 år gammal.

H E G S T A D (Hegset øvre) G. nr. 114, b. nr. 8 og 9.

Hegset eller Hegset øvre som bruket kallas i dagleg tale, ligg i lia rett opp for garden Hegset, der «Gammelgarden» stod frå først av. I 1830-åra da garden vart flytta, vart den gamle tufta og jordet ova­for utlagt til plass åt nesteldste son på garden, Didrik Barosen Heg-

246