Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 251

HEGLI
G. nr. 114, br. nr. 6.

Hegli ligg aust for Hegset. Namnet er nytt. Bruket, som er gammal husmannsplass, hadde namnet Brautan før, og er ein av dei eldste plassane i Flora.

Alt i 1723 er det nemnt husmenn under Hegset. Dei var «av Ver­kets folk og Saar iche», står det, så det var nok berre gruvstuguer, og stod truleg nærare elva. Men i manntalet for 1762 er det ført 2 hus­menn under garden. Den eine av dei der heitte Sjur Helgesen, f. 1719, og g. m. Marit Svendsd., og han må ha sete på Brautan.

Dei hadde 3 born, alle fødde på Hegset: Brynhild, 1751, Anne, 1759 og Helge, 1763. I manntalet er oppført ei gammal, fattig enkje, Dørdi Larsdotter. Ho døydde på Uthus i 1765, 96 år gammal.

Sjur Helgesen d. året etter. Han hadde da fari frå plassen og lo­sjerte på Tuset. Ein bror av han, Lars Helgesen budde på Stormoen. Far deira heitte Helge Sjursen, men det er tvilsamt om han har budd på Braut-plassen. Noko meir om desse folka veit ein ikkje. Marit og borna har vel fari ut or grenda.

I 1764 flytta ein Peder Pedersen med kona Anne Larsdotter til plas­sen. Dei hadde 5 born: Peder, 1761, Lars, f. og d. 1763, Lars, 1764, Ingeborg, 1766 og Olle, 1767.

Anne Larsdotter d. i 1767 35 år gammal, og har da Tuset som etter­namn. Siste barnet hennar var fødd på Uthus. Dette skulle tyde på at dei hadde flytta frå plassen, men tjue år seinare sit nest yngste son deira, Lars Pedersen som husmann på plassen.

Lars Pedersen vart g. i 1785 med ei Marit Andersdotter. Dei hadde 5 born: Peder, 1787, Anders, 1790, Anne 1792, Kirsten, 1794 og Ma­rite, 1796.

Det var dårlege tider med arbeidsløyse og svolt. Dei tok så smått til å grava til nokre potetsenger i den tida, og det er fortald om Lars at han skal ha sagt: Om potetbera er aldri så lita, så vil handa til munnen med henne.

Det var slutt med gruvedrifta, og etter smelthytta vart nedlagt vart det reint fælt for dei som hadde berre gruvearbeidet å stø seg til.

Lars greidde til slutt ikkje påkjenninga. Han fall i frå i 1797, 32 år gammal.

251