Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 254

Peder Hegli fekk no Ane Johnsdotter Hegset som hushaldar. Ho hadde ei dotter, Petrine) f. 1920, og dei ta jentene voks opp i lag. Anna Hegli gjekk handelssk. og vart butikkjente. Ho vart g. i 1945 m. Halbjørn Velve, kjøpte småbr. Kyllobekken og har 2 born: Per Olav og Brit Helen.

Petrine Hegli utdanna seg til sjukepleierske og er styrarinne på Klæbu aldersheim. Ho er ugift.

To jenter til har vaksi opp på Hegli:

  1. Laila Hjelting, f. 1931 i Trondh., tre år på Hegli til 1946, ho vart konfirmert.
  2. Kari Skjetne, f. 1940 i Tiller, kom 7 år gammal til Hegli og heldt heimatt der til ho vart gift. Kari gjekk handelsskulen og fekk kon­torarbeid i Trondh., gift 1965 m. ingeniør Gunnar Lein, Trondh., bur på Lillestrøm. Born: Torbjørn og Steinar.

Peder Hegli d. i 1964, 77 år gammal.

Ane J. Hegset budde no aleine nokre år til ho i 1967 flytta til Hel­seheimen. Sidan har bruket legi øyde. Halbjørn Velve som eig bruket leiger bort avfóringa.

SOLLI
G. nr. 114, br. nr. 3.

Småbruket Solli ligg like ved Hegli. Bruket vart bureist som hus­mannsplass kring 1880 av Ole Pedersen Hegset, Brautan. Jorda vart utlagt av den gamle plassen Brautan. Ole kjøpte stugu på plassen Byåsen og bygde tunet sitt på lia oppfor den gamle plassen, og plas­sen vart kalle Brautbakken.

Ole P. Hegset, f. 1842 vart g. 1877 m. Brynhild Olsd. Tuset, f. 1850. Dei hadde 4 born:

  1. Ragnhild, f. 1877, g. m. John Sakariassen Uthus.
  2. Ole f. 1879, var ein tur til Amerika, kom att og vart g. m. Bryn­hild J. Uthus, Haugen, og tok over heimrommet hennar.
  3. Peder, f. 1883, g. og var heime.
  4. Ingeborg, f. 1890, g. I m. Ole Pedersen Tronsaunet, Nygård Halt­dal, ein son. Peder, sjef for Tydal el.verk - g. Il m. Olav Fas­tesen Aas, ei dotter Kristine.

254