Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 255

Peder O. Hegset vart g. i 1907 m. Ane Johnsd. Hegset, f. 1885. Dei hadde ei dotter: Brynhild, f. 1907, g. m. agent Henry Tande, Trondheim, Ein son, Gunnar, f. 1905, voks opp på Hegset, reiste til Følling i Kvam, g. m. Gunbjørg Aunan, Kvam, d. 1962.

Peder O. Hegset døydde om våren i 1911, 28 år gammal. Fjorten dagar etter døydde faren, Ole P. Hegset, 69 år.

Plassen vart no bortleigd til Peder P. Hegset, bror til Ole Pedersen. Ane Johnsd. tok teneste på Hegset. Veslejenta Brynhild Pedersd. vart verande hos bestemora.

I 1920 vart plassen kjøpt av Johm P. Hegset, yngste son til Peder Hegset, Brautan. Bruket fekk namnet Solli, eit namn som eigaren tok i bruk som etternamn.

John flytta husa nedunder bakken, bygde til ei stugu til Brynhild, som fekk føderåd.

Brynhild Olsd. d. i 1936,86 år gammal.

John Solli, f. 1891 vart g. 1924 m. Beret Johnsd. Tuset, f. 1892.

Dei hadde 2 pleiebarn:

  1. Nils Andersen, f. i Trondh. 1923, g. 1947 m. Pauline Overvik, har villa på Overvik. Born: Bjørn Ove, Wenche og Pauline. N. A. ar­beider som sementpussar.
  2. Gerd Langørgen, f. i Trondh. 1935, g. 1956 m. anleggsarb. Odd­mund Drivvoll.

John Solli var skreddar. Hadde lært yrket av faren og teki utdan­ning hos skreddarmeister Hestnes i Hommelvik. John Solli var kasse­rar for Floren Spareforening i omlag 20 år frå 1918 til foreninga vart nedlagt, og revisor i handelsforeninga i fleire år.

John Solli d. i 1967, 76 år gammal. Eigedomen er no overdregi til Nils Andersen, men ligg øyde. Beret Solli har flytta til Helseheimen.

SOLBAKKEN
G. nr. 114, br. nr. 7.

Solbakken ligg rett opp for Hegset øvre, oppe på elvbrettet. Bru­ket vart festa som husmannsplass i 1876 av Tomas Tomassen Slind og fekk namnet Solbakken, men vart kalla Tomas-Trøa etter bureisa­ren.

255