Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 256

Brynhild og Tomas Hegset.

Det er verhardt her, og bureisaren laut flytte husa frå første plas­sen han valde til tun.

Tomas T. Hegset, som han skreiv seg for, var f. på Slind i Vik­varvet i 1851 og gift i 1873 m. Brynhild Didriksd. Hegset, f. 1849.

Dei hadde 5 born:

  1. Didrik, f. 1873, d. 1879.
  2. Ingeborg, f. 1880, døv, ug., gjekk døvesk. var heime.
  3. Didrik, f. 1882, d. 1904.
  4. Ane, f. 1888, g. m. John J. Skogan, øvre.
  5. Tomas, f. 1890, tok over bruket.

Første stugu på Solbakken, var ei lågstugu som Tomas kjøpte i Bjørken. Den står framleis på garden og har vori brukt til eldhus si­dan stugulånet kom opp. Dette tømra Tomas opp heilt aleine, og nær­ast på fyraben, så det tok litt tid før det kom opp.

Plassen var ikkje stor nok til å føde hest, og Tomas drog mykje, både ved og høy til gards. Det var dyrt å leie køyring, og folk var ikkje alltid så lettbedd heller. «Eg har sleti ut mang ei bukserev på stabben i gardane eg når eg har vori i veg og tinga høykøyrar», sa

256