Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 259

2. Ingeborg Elin Solbakken, f. 1952, realsk.
3. Tomas Charles, f. 1956.

Tomas Solbakken fekk no arbeid i heimbygda og det tungvindte jordsbruket fekk mindre og mindre å seie. Da anleggstida her var slutt, valde Tomas å flytte til Trondheim der han har fast arbeid.

Dei flytta i 1967, og Solba,kken vart da lagt øyde, men jordet blir avfóra.

Fastera, Ingeborg T. Hegset, budde den siste tida hos Anders og Tora Tjernvoll. Ingeborg T. Hegset døydde på Døves aldersheim 1966, 87 år gammal.

BRAUTA
Nedl. plass

Brauta låg ova vegen aust for dei andre Brauta-plassane. Det var ein liten jordveg festa og bureist kring 1880 av Peder Andersen Bjer­ken, Litl-Pe Andersa som han var kalla.

Peder Andersen, var f. 1846 og vart g. 1872 m. Kari Johnsd. Over­vik, f. 1839. Dei hadde ikkje born. Peder rydda opp plassen som vart skori av da vegen vart omlagt.

Peder Andersen d. i 1907, 61 år gammal. Johan Bjerken dreiv no plassen i fleire år mot kåryting.

Kari døydde i 1925,86 år. Plassen er nedlagt.

VELTA
Nedl. plass

Denne plassen låg på toppen av dalsida mellom Bjørken og Heg­set. Plassen vart bureist i 1871 av Johan Johnsen Bjerken. Johan var f. på Strinda i 1828, var gift med dotter til Guri Bjerken, Anne Johns­dotter. Johan budde saman med svigerfaren, Jon Halvorsen Bjerken og dreiv Brattåsen i lag med han til svigerfaren døydde.

Guri Bjerken døydde i 1877, 77 år gammal, i pleie hos dottera. Johan var ein hardkar til å arbeide. Ved teljinga i 1875 hadde han 4 kyr og 8 sauer, og dei sådde 1/4 t. bygg og sette 2 t. potet, noko som

259