Dei einskilde bruk
Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67 Side 260synest utruleg på den vesle plassen. Men Johan fóra i mark og skog og drog både fóret og veden til gards. Johan Johnsen d. i 1892, 76 år gammal. Anne Johnsdotter d. i 1904, 76 år. Dei hadde ikkje born, og plassen vart nedlagt. BAROMARITPLASSEN Denne plassen låg på Hegsethaugen og hadde namn etter henne som sist dreiv plassen. Som fortalt før, så var det 2 husmannsplassar på Hegset i 1762. Den eine, som utan tvil var Brautan er alt omtala. På den andre, som må ha vori Baro-Marit-plassen, budde ein Esten Olsen Stokke med kona Gunil Christensdatter og ein 12 år gammal son, Ole Estensen. Her har nok og svigerfaren Christen Neset budd. I midten av 70-åra flytta Esten til Sørflakne og blir omtale nærare under den garden. Til Baro-Maritplassen flytta no ein som heitte Henning Erichsen som er nemnt før som husmann under Uthus austre. Kona heitte Marit Pedersd. og dei hadde 5 born:
Marit Pedersd. d. i 1783, 49 år gammal. Fire år etter gifta Henning Eriksen seg att med ei Marit Erichsd., men dei hadde ikkje born. Henning d. i 1812 og Marit i 1816. Baro Henningsen vart g. i 1801 m. Marit Johnsd. Bjørken. Dei hadde ikkje born. Baro d. i 1824, 48 år gammal. Kona overlevde nok mannen med fleire år, og det er etter henne plassen har fått namn. Dødsåret hennar er ikkje funni. I 1809 lova Hegset-mannen plassen til sin yngste son, når plassen vart ledig. Men yngstesonen kom ikkje til å sette bu, så Baro og Marit var dei siste som budde på plassen. 260 |