Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 261

Bakken med Hegset til venstre, brua og handelsforeninga i forgrunnen.

BAKKEN
G. nr. 115.

Bakken ligg på søre side Nea og er øvst av gamlegardane her. Bak­ken er halvgard mot Neset og er bureist på 1600-talet. Av skriftlege kjelder går det fram at garden vart delt kring 1615 mellom ein Hal­vor og ein Gunder Nes. Halvor vart sittjande på det gamle tunet som stod på flata ved brua over Nea, medan Gunder bygde ny gard åt seg på bakken oppfor gamlegarden, og namnet Bakken gav seg sjølv.

Halvparten av den gamle garden var bondeodel, og som utgjorde 1 øre, kom til å høyre Halvor til, medan Gunder sin part var leilen­dingsgods delt på to eigarar med ½ øre i skyld på kvar. Kronens gods åtte ½ øre, og Bjelke pantegods like mykje.

I 1668 var det nye eigarar. Christopher Caspersen Schøller hadde da vorti eigar av Kronens part, og Hemne kyrkje av andre halvpart. Schøller åtte bygselsretten. Proprietærparten kom til å følgje lina:

Schøller - Brix - Schøller - Weinigel - Schøller - Krogh.

Gardsnamnet er skrivi Bache, men etter 1723 er den bundne forma Bachen mest brukt.

261