Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 272

dei fløte tømmeret frå myrane inna sjøen. Når dammen vart full om vårane, flaut det opp. Men det var ei ublid fløtingselv, og stygge tøm­merknutar batt seg i det tronge elvelaupet, så berre dynamitt og dam­vatn kunne løyse dei. Likevel lønte det seg å bruke elva, og det vart fløtt i Nekåa til 1955, da skogsvegar og bilar tok over transporten.

I 1927 gjekk firmaet Huitfeldt konkurs og Nordenfjellske kreditbank tok over Huitfeldt-skogane i Flora som brukeleg pant.

Banken heldt fram med skrogsdrifta, men alt same året tok dei til å parselere ut eigedomen.

Først vart strandlina langs Nea seId til Trondheim e-verk for 1500 kroner. Den fekk bruksnamnet Nea nedre, bruknr. 4 og ei skyld på 4 øre. Neste handel galdt plassane Bakkhaugen og Smeplassen, båe skyldsett i 1931, og den første seldt til Ole Barosen Uthus for 2700 kroner, og den andre tre år seinare til John G. Drivold for 2000. Skogen på dette stykket var da hoggen.

Hilmolia fekk og skyld og nummer i 1931 og seldt til Didrik Næss for 600 kroner, og i 1932 vart setra Bakkdalen seldt til Ole Næss, Bakken, for 2500 kroner. I 1932 vart Hanstrøa utskild og selt til Ja­kob Næss for 100 kroner.

I 1935 vart Nekåbjørgen Il utskild, og saman med Nekåbjørgen, bruksnr. 2 av Bakken, selt til Sør-Trøndelag landbruksselskap som skulle leggje ut eigedomen til bureisingsfelt. For bruksnr. 2 betalte landbruksselskapet 35 000 kroner. Dei to parsellane vart slegi i hop med ei samla skyld på 0,78 mark. Nekåmyren, bruksnr. 9 vart utskilt frå Nekåbjørgen, bruksnr. 2 i 1931 med ei skylda på 3 øre og sel til Torstein P. Hegset som rydda opp myra.

Hovudbruket på Bakken, som omfattar mesteparten av skogen, had­de enda att ei skyld på 1,10 mark av den opphavlege skylda på gar­den som var på 3,43 mark.

Denne eigedomen, Bakken, bruksnr. 1 vart selt til brukseigar Lang­set, Selbu.

Bakken vestre, bruksnr. 3, som omfattar den gamle garden med jor­de og tillegg av eit lite utmarksstykke, vart som me hugsar selt av Huitfeldt til Ole J. Næss, som tok over eigedomen i 1908.

Jordet som var på ca. 40 mål, fekk no Enbakken og Nedregjerdet i tillegg, båe parsellar av Neset. Jordet vart da på rundt 70 mål.

Seinare kjøpte Ole Næss setra Bakkdalen har me set, og i 1939 fekk han ved makeskifte med broren, Didrik Næss markaslætte Ellevsdalen øvre og Hilmolia.

272