Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 075


Ørås.

slutt fekk garden det faste matriknr. 824 som i 1838 vart byta i 105. Garden var framleis delt i to partar som fekk laupenumra 138 a og 138 b. Etter at matrikkelrevisjonen i 1860-åra var fullført, fekk Ørås gardsnr. 108.

Ørås er ført i lensrekneskapa frå først på 1600-talet, men busettinga går lenger att. Ein veit ikkje tida for denne og når garden har vorti skyldsett.

Første oppsittar som er nemnt var ein Østenn Øraas, ført i lens­rekneskapen 1611. Han er ført som odelsbonde med ei skyld på 2 øre. Talet svarar ikkje med landskylda. Ørås hadde ei skyld på ½ øre hugsar me, så Østen må ha hatt anna jord attåt. Sumt tyder på at det kan ha vori eit slag sambruk med grannegarden Flaknan i denne tida. Skylda på dei to bruka er 2 øre samanlagt. Andre ting tyder og på at dei to gardane har vori drevne under eitt i denne tida.

Med bondeodelen har det nok gått ille. Ørås er seinare ført som leiglendingsgard.

I 1647 låg Ørås under Holmbs Goeds, og frå 1650 høyrde garden til Kronens Gods. Seinare, i 1660-åra kom Ørås og ei rekke andre gardar i dalføret under Schøller-ane i Trondheim.

Som oppsittar på Ørås i 1624 finn ein Berette Øraas, truleg enkje etter Østenn. Berette svara ein leding på 2 merker smør og 2 merker

75