Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 273

Ole Næss dreiv garden i 35 år. Han sette opp ny hovudbygning, ny låve og ny fjøslem.

Ole J. Næss, f. 1878 vart g. i 1914 m. Ingeborg Larsd. Uglem, f. 1887.

Dei hadde 2 pleiebarn: Ragnar L. Bårdsgård, f. 1913, d. 1934. Kåre Nilsen, f. i Trondheim 1923, på Bakken i 11 år frå 1925.

Ole og Ingeborg Bakken selde garden i 1942 til Torstein P. Hegset for 16 000 kroner, bustadrett og delvis kår. Sommarstugu vart inn­reidd til kårstugu.

Ole J. Næss d. i 1966, 88 år gammal.

Torstein P. Hegset dreiv garden i 10 år. Han var snikkar og me­kanikar og sette opp verkstad. Han flytta hovudlånet ei stugubreidd ut frå tunet. I 1952 selde han garden til Gunnar Dullum, Lånke og reiste til Canada, til Wattson, Alta og har drevi som bygningssnikkar.

Torstein P. Hegset, f. 1911 vart g. 1943 m. Ingeborg Ingvardsd. Moslet, f. 1921. Dei har 3 born:

Mali, f. 1944, Ola Ivar, f. 1947 og Selma, f. i Amerika.

Gunnar Dullum, f. 1909, vart g. 1937 m. Sylva Hoven, f. 1913. Born:

  1. Eldbjørg Bjerkli (pleiebarn) f. 1938, g. m. Torstein Kvello, Selbu. Bur på Enbakken.
  2. Odd Morten, f. 1945.
  3. Rigmor Sofie, f. 1949.

Av Bureisingsfeltet, Nekåbjørga, bruksnr. 2 av Bakken vart i 1937 utskild 12 parsellar til burisingsbruk. Bruka er mellom 300 og 400 mål med opp til 150 mål produktiv skog og kring 100 mål dyrkingsland. Alle parsellar vart selde, dei fleste i 1938. Og no er det ei vakker bu­reisingsgrend der. Bruka har numra 13 til 24.

Landbruksselskapet heldt att eit lite stykke ved Nekåa og sette opp ei hytte der. Den er selt til lærar Kvål, Trondheim.

Bureisingsvegen vart bygd etter den gamle allmannvegen stort sett. No er det ny veg frå hovudvegen.

273