Dei einskilde bruk
Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67 Side 274BAKKHAUGEN Bakkhaugen ligg aust for Smeplassen, og vart bureist i 1850-åra av Ole Severinsen Bakken. Ole Severinsen var f. i 1831 og g. 1853 m. Beret Johnsd. Uthus, austre, f. 1831. Dei hadde ikkje born. I 1865 hadde Ola og Beret Bakkhaugen 4 naut, 4 sauer og 4 geiter, og sådde l/2 t. bygg og haver og sette 2 tynner potet. I 1875 hadde dei køyrokse, hadde auka sauhaldet til 6 og sette 3 tynner potet. Attåt skogsarbeid og køyring, putla Ola litt med kalkbrenning. Kona, Beret Johnsd. d. i 1870, 39 år. Ola overlevde henne med vel tjue år. Han fekk syster si, Beret Severinsd. Bakken til hushaldar. Ho døydde i 1885, 60 år gammal. Beret, som var 6 år eldre enn Ola hadde ein son, Severin Johnsen Bakken, f. 1855, Stor-Severin, som han vart kalla. Han var stor og sterk og ein flink arbeidskar:. Han var ug., dreiv med gardsarbeid, først i Flora, seinare på Uglem. Han d. på Aldersheimen i 1938, 83 år gammal. Etter Ola, vart Bakkhaugen bygsla av Bersvend Pedersen Stamnesbakken, som sette opp ny stugu på plassen. Bersvend, som tok namnet Bakken, hadde vori rådsdreng på Neset, hos Gunhild Nes, og dreiv seinare Enbakken for henne. Bersvend Pedersen, f. 1839 vart g. 1884 m. Mali Olsd. Bakken, 1859. Det var 3 born:
Bersvend Bakkhaugen d. i 1903, 64 år gammal. Mali heldt fram med gardsdrifta. I 1921 selde ho husa og gav opp plassen og flytta til dottera Ingeborg. Mali d. i 1949, 90 år gammal. Plassen vart no pakta av Ole Barosen Uthus, som har drivi jorda attåt hovudbruket sitt, og i 1931 vart han utskild og selt til Ole Barosen for 2700 kroner. 274 |