Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 275

SMEDPLASSEN
bruksnr. 6 under Bakken

Smedplassen ligg aust for Bakken. Plassen vart bureist i 1820-åra av ein Oluf Johnsen. Oluf var fødd i Sverige. Han vart g. i 1826 m. Sigrid Pettersd. Nes. Ho var f. i 1793 og var kanskje frå Øråsplas­sen, dotter til Petter Pedersen og Maglie Henningsdtr., men ein veit ikkje noko visst om det. At ho har Nes til etternamn, fortel berre at ho har tent der.

Oluf og Sigrid hadde 2 born: Karen, f. 1824 og Petter, f. 1826.

Karen vart g. m. Ole O. Kirkvoll, omgangsskulelærar i Selbu, seinare handelsstyrar. Dei bygsla plass under Røsset, og hadde 2 born: Sig­rid og Ole. Sigrid vart g. m. Hans T. Rønsberg.

Petter Olsen v. g. m. Ingeborg Knutsd. Tuset, f. 1826. Dei hadde ikkje born.

I 1865 hadde dei teki over drifta på Smedplassen. Faren, Oluf John­sen var da død, Sigrid var 72 år gammal.

Det var 4 naut på Smedplassen da, og dei sådde 1/4 t. bygg og sette like mykje potet. I 1875 hadde potetåkeren auka til 3 tynner i utsåd, og Petter hadde køyrokse, like mange kyr og 7 småfe. Mora, Sigrid Pettersd. levde enda, og plassen vart driven på den gamle bygselsete­len.

Sigrid d. i 1883, 89 år gammal.

Petter Olsen døydde tre år før mor si, i 1880.

Ingeborg Knutsd., Litj-smea, dei kalla, trong no hjelp, og Knut Ørås flytta dit og dreiv Smeplassen nokre år. Seinare kom Ingeborg i pleie hos Knut på Øråsvollen. Ho hadde eit lyst sinn og var alltid opplagt. «Er det itte nå lever ti då, ungar?» sa ho og slo seg på hælen, når ungane stod og hang med fingrane.

Ingeborg Knutsdotter d. i 1917, 91 år gammal.

Plassen vart no nedlagt og jorda lagt under garden. I 1908 da fir­maet Huitfeldt tok over eigedomen, vart Smeplassen bortpakta til Pe­der E. Flakne. I 1931 vart plassen utskild som eige bruk og selt 3 år seinare til John G. Drivold.

275