Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 276

INGØLMOEN
Nedl. bustad.

Ingølmoen ligg aust for Nekåa og har namn etter ein som budde her i 1830-åra. Mannen heitte Ingvald (Ingøl) Ingvaldsen, og kona heitte Kirsten Ingebrigtsdotter. Dei var frå Vingelen.

Ingøl sette opp ei koie åt seg, som dei budde i. Dei var unge folk og hadde to born medan dei var i Flora; John f. 1836 og Ingeborg f. 1841. Ein son, truleg den eldste, Ingvald Ingvaldsen vart gift i 1857 m. Kirsten Johnsdotter Hilmo. Ingebrigt Ingvaldsen Bjørgen, Tydal, g. m. Johanna Pedersd. Hårstad, Skulbakken, var og son deira.

Ingøl Ingvaldsen døydde i 1841. Kirsten har så flytta frå Flora, tru­leg til Tydal. Ingvald og Kirsten Johnsdotter flytta til Skjølstadmarkja i Hegra. Johanna og Ingebrigt Bjørgen hadde 4 born: Sivert, Ingebrigt, Kristian og Marie.

NEKÅBJØRGA
G. nr. 115, br. nr. 2.

Nekåbjørga var opphaveleg ein skogteig, utskildt frå Bakken og selt til A. Huitfeldt & Co. i 1895. Dette området som omfattar store område med myr, vart kjøpt i 1935 av Sør-Trøndelag landbruksselskap for 35 000 kroner til bureisingsfelt. Huitfeldt hadde gått konkurs og buet vart realisert. Som tillegg til Nekåbjørgen, kjøpte Landbruksselskapet eit stykke av hovudbruket på Bakken, som også hadde vorti Huitfeldts eigedom. Dei to områda vart slegne saman med ei samla skyld på 0,78 mark under namnet Nekåbjørgen. Skøyte vart utstedd av Trond­heim skifterett 16/11 1936.

Same året, 11/9 vart det utskild 12 bureisingsbruk av feltet med bruksnumra 13 til 24, med ei samla skyld på 0,75 mark. Bruka er mel­lom 3 og 400 da med 100 til 150 mål produktiv skog. Alle vart selde.

Landbruksselskapet hadde no att eit mindre område med 0,03 øre i skyld av bruksnr. 2 av Bakken. Her vart det oppført administrasjons­brakke eller hytte, rettare sagt. Både hytte og grunn og enda meir til

276