Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 278

«Brøyte seg rydning» - Ingmar Bakken på gardstufta.

Bruket er no på 50 - 60 mål dyrka jord og før 4 kyr med ungkyr og småfe. Ingmar hadde hest frå først av og dreiv med skogskøyring. Sidan vart det anleggsarbeid. I 1959 vart hesten bytta i traktor.

Under jorddyrking kom dei over ein bergskolt med kvittinte. Stei­nen var brukbar for smelting og vart drivi ut og levert til Smelthytta i Kopperå. Arbeidet rakk over 2 vintrar.

Jon Bakken er anleggsarbeidar.

EVSJØ
G. nr. 115, br. nr. 14.

Evsjø er bureist av Peder H. Nervik, Vikvarvet. Han fekk skøyte på bruket i 1938. Året etter tømra han opp stugu og i 1941 kom turen til fjøset. Seinare har det vorti stabbur og tilbygg til stugubygninga.

Peder Nervik er f. 1905 og vart g. 1935 m. Margit Nikolaisd. Sæ­ter, f. 1912.

Dei har 4 born:

1. Odd Norvald, f. 1935, g. 1960 m. Ragnhild Eidem, f. 1938.

278