Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 280

På vegarbeid. Frå venstre: Peder Nervik og Karl Lindset, i bårene.
Attanfor: John Mogård, Johan Næssmo og Ingmar Bakken.

NEKÅ

G. nr. 115, br. nr. 15.

Bruket vart kjøpt av Johan Næssmo som fekk skøyte i 1938. Kjø­paren har sett opp uthusbygning og har rydda ein del jord, men har ikkje flytta til bruket. Han er ugift og bur heime hos broren.

Johan Næssmo er fødd 1903. I unge år var han ein tur over til Ca­nada. Johan Næssmo er kyrkjetenar.

TJØNNLI

G. nr. 115, br. nr. 16.

Tjønnli er bureist av Gunnar P. Aune frå Vikvarvet. Han fekk skøyte i 1939, sette opp stugu om hausten same år og flytta til gards i januar 1940. I 1942 sette dei opp fjøs. Dei hadde hest og ku og eit par killingar da dei kom oppover. Dei har dyrka ca. 50 mål jord og har ein buskap på 4 kyr og like mange ungnaut. Hesten vart bytta i traktor alt i 1949.

280