Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 282

  1. Ingeborg, f. 1938, g. 1959 m. Torvald Kvernes, Røros. Born: Rune og Eli Kristin.
  2. Jan, f. 1944, g. 1966 m. Liv Sivertsgård, Alen. Barn: Torstein.

Torstein H. selde bruket i 1955 og kjøpte gard i Haltdal. Bruket var da på vel 40 mål og fødde 3-4 kyr med ungnaut, småfe og hest.

Den nye eigar, Olav I. Moslet, Selbu er f. 1912 vart g. 1942 m. Jo­hanna Petrine Tomasd. Hegset, Solbakken, f. 1922.

Dei har 4  born:

  1. Sigrid Ingeborg, f. 1942, g. 1963 m. Peder Johannes Dyrdal, Tangåsen, f. 1936. Born: Svend Ove og Jorid.
  2. Jenny Irene, f. 1946, arb. på Strinda sjukehus.
  3. Ingvar, f.  1955.
  4. Turid, f. 1958.

Far til Olav, Ingvard Moslet, flytta til Flora i lag med ungfolka.

Ingvard Moslet d. i 1966, 85 år gammal.

Olav Moslet pakta ein gard på Byneset og flytta frå bruket da fa­ren døydde, og sida har bruket legi øyde. Dei bur no i Trondheim.

BAKKLI
G. nr. 115, br. nr. 18.

Bruket er bureist av Ingvald Krogstadmo. Han fekk skøyte i 1940 og flytta oppover to år seinare. Han hadde da sett opp stugu. Fjø­set vart oppsett seinare. Krøtera stod i mellomtida i koie, her som på dei fleste bureisingsbruka den første tida.

Ingvald var skomakar og heldt fram med yrket nokre år etter han kom til bureisingsfeltet. Seinare vart det anleggsarbeid attåt jordsbru­ket.

Ingvald har rydda kring 30 mål jord og har hatt 5-6 naut og eit liknande tal sauer. Hesten er for lenge sida bytta i traktor.

Ingvald Martin Krogstadmo, f. 1902 vart g. 1928 m. Beret Oline Sivertsd. Brudal, f. 1907.

Dei har hatt 5 born:

  1. Peder Ragnar, f. 1928, g. 1953 m. Ingeborg Sofie Drivvoll, f. 1928, Dei har eigen villa i Flora.
  2. Solbjørg, f. 1930, d. s. å.

282