Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 283

Bakkli.

  1. Beret, f. 1932, g. 1955 m. John Megård, Hegra, har gardsbruk. Born: Ingeborg Oddrun, Brit Janne, Odd Ivar og Per Olav.
  2. Ragnhild, f. 1935, g. 1957 m. Nils Nessimo, Hegra, f. 1925, bygd villa på Stjørdal. Born: Ingfrid, Petter, Inge Bjarne og Ragnar.
  3. Signe, f. 1937, g. 1959 m. Halvor Bernhard Øverkil, Hegra, f. 1936. Born: Grete Julie, Berit Irene og Hilde Synøve.

Ingvald Krogstadmo er medhjelpar ved kapellet. Beret har hatt fleire tillitsverv, har vori med i skulestyret og i soknerådet. Ho dreiv ei barnefarening i fleire år og har arbeidd for menighetssjukepleien.

MYRLI
G. nr. 115, br. nr. 19.

Myrli vart kjøpt av Haldor Bersvendsen Hoem f. 1897. Hoem var ugift. Han dreiv bruket til fram i 50-åra, og var ivrig jordbrukar. Han hadde sauer og griser og dreiv med grønsaker og potetdyrking. Seinare bar det av stad på skogsarbeid. Etter å hatt bruket i 15-16 år, selde han og reiste frå grenda. Som dei fleste av bureisarane set­te han opp koie åt krøtera frå først av, budde i koie sjølv og nokre år. Han sette opp stugu, men fjøset fekk han ikkje gjort ferdig, sette berre opp råbygget.

283